15. oktober held Statens vegvesen og Vestland fylkeskommune brannøving i fv. 617 Skåratunnelen nord for Måløy.

Det blir kolonnekøyring i den 680 meter lange tunnelen medan øvinga vert rigga til klokka 17.00-18.00.

Sjølve øvinga finn stad klokka 18.00-20.00. I dette tidsrommet vert tunnelen stengd.

Fv. 617 Skåratunnelen.
Fv. 617 Skåratunnelen. Foto: Vegbilder

Klokka 20.00-21.00 blir det kolonnekøyring medan Vegvesenet og fylket riggar ned og ryddar opp etter øvinga. Etter dette går trafikken som normalt att.

Øvinga skjer i samarbeid med Kinn brann og redning, politi og helse.

Øvinga er og gjeldande for Statens vegvesen sine tunnelar, Brunsviktunnelen og Krokabergtunnelen på rv. 15, men desse blir ikkje råka av øvinga.

Trygg tunnel

– Vi har forståing for at stengde tunnelar kan vera krevjande for trafikantane, men det er naudsynt i ein kort periode slik at vi kan få øvd dersom noko skulle skje, seier brannvernleiarane Atle Johnny Rygg i Statens vegvesen og Marie S. Hatlen i Vestland fylkeskommune.

– Det er eit krav i tunnelsikkerheitsforskrifta at vi skal halda slike øvingar. Det viktig å minna om at vi gjer dette nettopp for trafikantane, som ein del av vårt kontinuerlege arbeid, kvar dag, heile året, for å halda tunnelane trygge, legg dei til.

Skåratunnelen ligg nord for Måløy. Foto: Statens vegvesen
Skåratunnelen ligg nord for Måløy. Foto: Kart: Statens vegvesen

– Vi gjer dette for å vera førebudde

– Vegdrift handlar om konsekvens. Vi gjer difor det vi kan for at stengingar, både akutte og planlagde, skal bli så korte som mogleg, understrekar Rygg og Hatlen.

Beredskapsøving i tunnelar er eit døme på ei planlagd og naudsynt stenging.

– Ved å øva saman med naudetatane drillar vi våre rutinar og sørger for at beredskapslinjene er best mogleg førebudde den dagen ein situasjon skulle inntreffa. For å simulera brann i køyretøy nyttar vi røykmaskin for å laga røyk i tunnelen.

Statens vegvesen og Vestland fylkeskommune oppmodar alltid trafikantar til å sjekka 175.no eller appen Vegvesen trafikk før dei skal ut og reisa. Her finn ein til ei kvar tid oppdatert informasjon om situasjonen på alle landets vegar.

Det har aldri vore fleire moglegheiter for å oppdatera seg på trafikkbiletet enn i dag.

Dette er tunnelen

Den 680 meter lange Skåratunnelen vart opna 16.oktober 2007.

I dag køyrer det i gjennomsnitt 2.227 køyretøy dagleg gjennom tunnelen. Det er dette som vert kalla årsdøgntrafikk (ÅDT).

Av dette er 9 prosent, eller 200, lange køyretøy (tungtrafikk).

Samfunnsberedskap

Statens vegvesen er en del av den totale samfunnsberedskapen. Å førebu seg på andre situasjonar enn kvardagen er ein sentral del av dette.

– Derfor held Statens vegvesen og Vestland fylkeskommune øvingar som dette, noko som er ein av viktig del av vårt kontinuerlege arbeid med å syta for eit effektivt, trygt og framkommeleg vegnett, avsluttar Rygg og Hatlen.

Aktuelt for fylke: Vestland, Møre og Romsdal