Ei stor steinblokk har kome ned på E16 i Aurland. Vegen er stengd og det har stor påverknad på trafikken på Vestlandet og aust/vest i Sør-Noreg.

Steinen som har falle ned på E16 i Aurland er så stor at den må sprengast for å kunne bli fjerna.
Steinen som har falle ned på E16 i Aurland er så stor at den må sprengast for å kunne bli fjerna. Foto: Statens vegvesen

Steinen kom ned på E16 ved Nautavikneset mellom Aurland og Flåm. Blokka er fleire meter i diameter og må sprengast før den kan fjernast frå vegbana. Bergskjeringa på staden må vurderast av geolog med tanke på eventuell fare for nye nedfall. Statens vegvesen jobbar med sikte på å kunne opne for trafikk i eitt køyrefelt, med trafikkdirigering på staden. Opning er tidlegast venta kl. 17.00 i ettermiddag.

Følg med på vegvesen.no/trafikk for oppdatert informasjon.

Det er ingen lokale omkøyringsvegar. Moglege omkøyringsruter er:

  • Bergen-Oslo: Riksveg 7 Hardangervidda
  • Bergen-Sogndal: Riksveg 13 Vikafjell