Førstkomande måndag, 25. november, blir den nye kollektivterminalen på Flatøy tatt i bruk.

Den nye innkøyringa er tydeleg skilta. Parkeringa har like god kapasitet som før, 81 plassar.

Den gamle busshaldeplassen blir stengd frå og med måndag morgon.

Skyss kjem til å bistå, og vil ha folk på staden frå morgonen og utover dagen for å hjelpa til viss det er spørsmål.

Den nye kollektivterminalen på E39 Flatøy. Foto: Henrik Knarvik, Statens vegvesen
Den nye kollektivterminalen på E39 Flatøy. Foto: Henrik Knarvik, Statens vegvesen
Aktuelt for fylke: Vestland