Statens vegvesen gjer i neste veke vedlikehaldsarbeid på Halhjem ferjekai.

Arbeida skjer på vestre del av kaien, noko som inneber at ferjene både til Sandvikvåg og Våge må bruka Halhjem aust.

Arbeida finn stad måndag-torsdag, døgnet rundt.

– Det er eit nødvendig, men ordinært vedlikehaldsarbeid vi skal gjera, seier byggeleiar Kim Dagsland i Statens vegvesen.

Etter planen skal arbeidet ikkje få konsekvensar for ferjenes avgangstider.

Halhjem ferjekai. Foto: Kim Dagsland, Statens vegvesen
Halhjem ferjekai. Foto: Kim Dagsland, Statens vegvesen
Aktuelt for fylke: Vestland