Arbeida i Fodnestunnelen tek pause til over nyttår
Statens vegvesen sitt prosjekt med å skifta platekvelv i Fodnestunnelen tek pause til over nyttår. Slik påverkar det trafikantane.
Arbeidet i Fodnestunnelen vert avslutta 23. desember klokka 02.30. Siste ferje frå Lærdal klokka 00.30. Første ferje frå Fodnes klokka 02.30.
Arbeida startar opp igjen etter nyttår 2. januar klokka 20.00, med same stengetider som før jul.
Fri ferdsel gjennom rv. 5 Fodnestunnelen frå og med 23. desember klokka 06.00 til og med 2. januar klokka 20.00. I denne perioden går ferja som normalt.
Etter nyttår blir det endringar i kolonnetider: Det vil då gå kolonnar både frå Lærdal og Fodnes klokka 21.40 og 22.00.
Frå 8. januar klokka 20.00 til 18. januar klokka 06.00 vert det i tillegg trafikkavvikling også på dagtid mellom 06.00 og 20.00, tilpassa ferjeavgangar frå Fodnes.
Nettene der tunnelen er stengd, vil det ikkje vera mogleg med transport av farleg last som inneber avgrensingar i passasjertalet på ferja. Det opplyser ferjeoperatør Norled.
Trafikantar kan til ei kvar tid finna oppdaterte trafikkmeldingar på 175.no.
For oppdatert rutetabell til ei kvar tid, sjekk Norled sine heimesider.