Oppgradering av rv. 9 Sandfjødd- og Byklestigentunnelane er snart ferdig, og Vegvesenet har fått gjort meir enn planlagt medan tunnelane har vore stengde.

Oppgradering av dei to Bykletunnelene nærmar seg slutten. Statens vegvesen har fått utført endå fleire oppgåver medan tunnelane har vore stengde. Biletet er frå nordsida av rv. 9 Sandfjøddtunnelen. Foto: Petter Instefjord Nodeland, Statens vegvesen

Dei to Bykletunnelene har vore stengde for oppgradering sidan september. Alt av elektro og belysningsanlegg skal skiftast ut. Dette er no straks ferdig, men medan tunnelane har vore stengde har Statens vegvesen nytta høvet til å utføre fleire oppgåver.

Fått gjort meir på same tid

– Takka vere godt vêr og løysingsorienterte arbeidarar har vi fått gjort veldig mykje meir arbeid enn vi i utgangspunktet hadde sett for oss, fortel Torgeir Hodne, byggjeleiar i Statens vegvesen.

Noko av det ekstra arbeidet som no er utført er rekkverksarbeid, utviding av sideterrenget og utskifting av dårlege massar i vegen. Det er skifta overvassrøyr i tunnelen, lagt kantstein gjennom tunnelen og ny asfalt.

– I utgangspunktet var det planlagt med elektroarbeid og litt grunnarbeid. Alt av elektro og belysningsanlegg skulle skifta ut, og tunnelane skulle koplast til Vegtrafikksentralen slik at dei kan overvake eventuelle feil på utstyr. Dette blir sjølvsagt ferdig til opninga i desember, men vi har fått gjort mykje meir enn dette, seier Hodne.

 Snille vêrgudar og godt samarbeid med entreprenørane er årsaka.

– At vi no har fått utført alt dette arbeidet medan tunnelen likevel skulle vere stengt, er veldig bra. Dette betyr at det no vil gå lengre tid før vi treng å stengje tunnelen igjen for denne typen vedlikehald, fortel byggjeleiaren.

Skryter av godt samarbeid

Hodne fortel at Traftec har ansvaret for elektroarbeidet som no er i ferd med å ferdigstillast i Sandfjødd- og Byklestigentunnelene. Hovden Hytteservice har utført utvendig grunnarbeid og trafikkavvikling, medan Songdalen Fjellsprenging har hatt ansvar for grunnarbeid inne i tunnelane. Alle tre entreprenørfirma har også hatt med seg underentreprenørar i arbeidet.

– Vi har hatt eit godt samarbeid undervegs med desse entreprenørane. Dei er dyktige og gjer ein god jobb, samtidig som dei er med på å finne gode løysingar. Sånn er alltid gøy, skryter Torgeir Hodne.

Ettersom Statens vegvesen har fått utført fleire oppgåver i Bykletunnelene, har vedlikehaldet vorte litt meir kostbart enn opphavleg planlagde.

– Vi har fått gjort veldig mykje meir enn planlagt, og det skal entreprenøren sjølvsagt få betalt for. Men dette har ein klar fordel for oss òg. Med å få utført alle desse oppgåvene medan tunnelane allereie var stengde, vil det ta lengre tid før vi må stengje desse tunnelane igjen for tilsvarande arbeid. Dette er ikkje minst positivt for trafikantane. Vi har no fått ei solid oppgradering av Bykletunnelene som har noko å seie for trafikktryggleiken og god framkomme, seier Hodne.

Medan arbeidet med dei to Bykletunnelene langs rv. 9 går føre seg, er det omkøyring via Movegen (gamle riksvegen). Trafikken på omkøyringsvegen blir leidd av leigebil. Frå måndag 16. desember blir det slutt på dette, og trafikken langs rv. 9 kan gå som normalt igjen.

Aktuelt for fylke: Agder