Statens vegvesen skal kobla opp nytt aggregathus på Lote ferjekai 4.-5. desember.

Dette arbeidet gjer at det er nødvendig å stenga ferjestrekninga i perioden 4. desember klokka 19.40 - 5. desember klokka 06.00.

Siste avgang frå Anda før stenging blir klokka 19.20. Frå Lote er siste avgangen klokka 19.40.

E39 Lote ferjekai. Foto: Statens vegvesen
E39 Lote ferjekai. Foto: Statens vegvesen

Første ferje på Anda etter arbeidet er ferdig går klokka 06.15, og frå Lote klokka 06.40.

For å minimera ulempene for trafikantane, har Statens vegvesen lagt dette arbeidet til den tida på døgnet då det er minst trafikk.