Skred stengjer mange vegar på Vestlandet søndag kveld og natt. Det vert også store utfordringar for morgontrafikken måndag med uvêr og stengde vegar.

- Det er all grunn til å tru at uvêret vil påverke framkomma på vegane også måndag morgon, seier Svenn Egil Finden, avdelingsdirektør i Statens vegvesen. – Det er mykje vatn, sterk vind og stor skredfare i indre deler av Vestland og deler av Rogaland.

Mykje vatn i veibanen fleire stader mellom Odda og Kinsarvik.
Mykje vatn i vegbanen fleire stader mellom Odda og Kinsarvik. Foto: Enya Aarekol, Statens vegvesen

- Mange vegar er allereie stengde, og fleire vegar, bruer og ferjesamband kan bli stengde på kort varsel i løpet av natta og morgontimane.

Kombinasjonen milde luftmassar, vind og regn fører til snøsmelting i fjellet, noko som har resultert i stor vassføring og skred som stengjer fleire vegar på Vestlandet.

Syt for å vera oppdatert om situasjonen på vegane

Temperaturane vil gå ned utover natta, men det vil framleis vera kraftig regn og vind på utsette vegar i låglandet. Dei som ferdast på vegane må vurdere situasjonen nøye før dei reiser ut, og forventa lenger reisetid.

- Har du tenkt deg ut på vegane bør du vurdera om reisa er naudsynt, seier Svenn Finden, som oppmodar alle om å halda seg oppdatert om situasjonen på vegane via Vegvesenet sine trafikkmeldingar på 175.no eller appen Vegvesen Trafikk.