Artikkelen er frå 2019, og innhaldet kan vere utdatert.

I fjor blei 20 629 tunge køyretøy og 9913 lette køyretøy sjekka langs vegane på Vestlandet. Heile 198 974 førarar blei kontrollert for bruk av bilbelte.

I fjor fekk om lag 5000 tunge køyretøy bruksforbod etter å ha blitt kontrollert.
 

-Dette er konkrete avvik eller manglar som påverkar trafikktryggleiken, og sjåføren må fikse opp i dette før vidare køyring. Dei mest vanlege bruksforboda er for overlast, usikra last, feil med bremsar eller dårlige dekk, seier Arve Tjønn Rinde som er direktør for Trafikant- og køyretøyavdelinga i Statens vegvesen. Han legg til at det ikkje er avdekka store forskjellar i talet reaksjonar overfor utanlandske samanlikna med norske sjåførar.
 

Farleg gods
I fjor kontrollerte Statens vegvesen 423 køyretøy for farleg gods, 199 av desse fekk skriftleg manglar og 46 blei melde til politiet for brot på reglane for denne type transport.
 

-Farleg gods transport omfattar alt av transport av eksplosivar, gass, brennbar væske, sjølvantennelege, radioaktive, etsande, infeksjonsfremmande og giftige stoffar. Vi har  gjennomført fleire kontrollar av denne typen i 2018  og avdekt manglar på området. Ei ulukke med farleg gods har som oftast store miljømessige konsekvensar. Det å køyre på Vestlandet inneber mykje tunnelar og ferjer, og ein ulukke her vil få dramatiske konsekvensar for trafikantane. Vår oppdrag er å ned risikoen med slik transport, seier Rinde.

 

Kontroll av 643 verkstadar
Vegvesenet har drevet tilsyn med 643 bilverkstader på Vestlandet, og hatt stikkprøvekontroll av 844 EU-kontrollar.

 

-Dette gjer vi for å sikre at EU-kontrollane blir utført i tråd med lovverket. I fjor hadde vi  høg prioritering av å kontrollera verkstader som bygger opp igjen køyretøy med omfattande kollisjonsskadar. Det er strenge vilkår for at desse køyretøya skal sleppast ut på vegen igjen, og vi stiller høge krav til kompetanse og dokumentasjon på utført arbeid, seier han. 

 

70 tilsyn av ulovleg verkstaddrift
- I fjor hadde vi 70 tilsyn av desse verksemdene saman med andre offentlege etatar, og framleis er dette ein utfordring. Vi ser at dei brukar ufaglært personell utan naudsynt kompetanse og verktøy til å gjere denne jobben. Dette er alvorleg med omsyn til trafikktryggleiken, men det er også eit hinder for like konkurransevilkår i bransjen. Eg vil oppfordre alle om å nytte godkjende verksemder, og ikkje spare pengar på noko som kan gå ut over din og andre sin trafikktryggleik, slår Rinde fast.
 

Tilsyna med verkstadbransjen resulterte i 149 oppfølgingssaker, med 46 skriftlege åtvaringar og tilbaketrekking av godkjenninga til 8 verksemder.

Har sjekka trafikkskular
Vegvesenet har drevet tilsyn med 161 trafikkskular med trafikklærarar gjennom fjoråret. Det er gjort vurdering av kvaliteten på den obligatoriske delen av trafikkopplæringa. Tilsynsresultata viser at det var naudsynt med ekstra oppfølging i 47 av sakene, og der er gitt to åtvaringa og ein godkjenning blei trekt tilbake.

 

Kontaktperson:

Arve Tjønn Rinde, avdelingsdirektør for trafikant- og køyretøy  i Statens vegvesen, Region vest.
Epost: arve.tjønn.rinde@vegvesen.no
Tlf: 930 31 874

 

Aktuelt for fylke: Vestland, Rogaland