Artikkelen er frå 2020, og innhaldet kan vere utdatert.

No kan turistane få luftig utsyn til Vøringsfossen langs Nasjonal turistveg Hardanger

Det blir luftig å gå over trappebrua ved den 182 meter høge Vøringsfossen langs Nasjonal turistveg Hardangervidda

-Mange forhold har påverka brua si form. Konstruksjonen må vere sikker og robust, brua skal koplast til den gamle kløvvegen og landskapet, og sjølvsagt er det lagt vekt på utsikt og oppleving. Brua skaper ein ny situasjon å sjå og forstå landskapsrommet på, seier arkitekt Carl-Viggo Hølmebakk.

Video

 

99 trappetrinn

Monteringa av brua stilte harde krav til sikkerheit, mannskap og utrustning.

Brua har ei spennvidde på 47 meter og tel 99 trappetrinn. Høgdeskilnaden mellom brusidene er 16 meter. Dei sju brudelane er heist på plass med kran og montert saman på staden. Heile gangbrua er bygd i stål og sikra med solide fjellsikringsboltar.

Andre byggetrinn

Trappebrua saman med stiar og utsiktspunkt er det andre byggetrinnet i Statens vegvesens si utvikling a Vøringsfossen. Det første stod klart i 2018 og omfattar utsiktsplattformar, stiar, gjerde, parkering og servicebygg nedanfor Fossli hotell.

Tredje trinn med oppstart i 2021 inneheld utsiktspunkt, stiar og toalett. Når dette er fullført vil heile vandringa rundt juvet i starten av Måbødalen vera sikker og komplett.

  • Byggherre: Statens vegvesen
  • Arkitekt: Carl Viggo Hølmebakk AS Arkitektkontor
  • Rådgivande ingeniør: K. Apeland
  • Fjellsikring: Gjerden fjellsikring
  • Entreprenør: Consolvo AS
Foto: www.vmproduksjon.no