Artikkelen er frå 2009, og innhaldet kan vere utdatert.

Verdas høgaste tunnelmunning er no ferdig sprengt ut i Vallavik, på vegen fram mot Hardangerbrua. Ei høgde på 23 meter er heilt eineståande. Årsaka til den uvanleg høge tunnelportalen er den estetiske utforminga av Hardangerbrua.

Hardangerbrua vert opna for trafikk i juni 2013.

For snart ni år sida opna Statens vegvesen den lengste vegtunnelen i verda, E16 Lærdalstunnelen, som er omlag 25 kilometer lang. Fagfolk og andre nysgjerrige utanlandske gjestar har valfarta dit i åra som har gått sidan tunnelen blei opna.

Nå får Norge altså også den høgaste tunnelmunninga i verda. I tillegg kjem verdas lengste undersjøiske vegtunnel når Boknafjordtunnelen i Rogfast ser lyset nokre år fram, med ei lengde på omlag 24 kilometer.

Trompet
Estetisk utforming av Hardangerbrua ligg til grunn for dei uvanleg høge tunnelmunningane. Tunneltaket stig jamnt mot 23 meter på dei siste hundre metrane før munninga.

På Bu blir ikkje tunnelmunninga like høg. Her er det tale omkring 15 meter, med gradvis stigande høgde dei siste 80 metrane før trafikantane er ute i tunnelportalen. Tunneportalane i forlenginga av munninga blir på 40 meters lengde i Vallavik og 34 meter på Bu. Portalane får ei opning som kan minne om truten på ein trompet, og ideen er at utsynet mot brutårna og fjorden skal opne seg gradvis på det siste stykket av tunnelane, anten du kjem frå den eine eller den andre sida av fjorden.

Tunnelmunning ved Hardangerbrua
Verdsrekord: Med sine 23 meter er dette den høgaste tunnelmunninga i verda. ( Foto: Geir Brekke / Aas Jacobsen