Asfaltering av riksvegar
Statens vegvesen har ansvaret for å asfaltere europa- og riksvegar.
Asfaltering av riksvegar skjer på våren. Av omsyn til trafikksikkerheita vil mykje av asfalteringa gå føre seg på sein kveld og natt.
Vi legg kvart år ut oversyner over dei strekningane der det blir asfaltert, på denne sida. Det skjer så snart dei er klar, vanlegvis i april.
Fylkesvis oversyn over kvar det blir asfaltert i 2023
Oversynene viser kvar det er planlagt å vedlikehalde vegdekke i løpet av 2022. Det kan bli mindre endringar.
Prioriterer strekningar med dårleg standard
Kvart år måler vi i Statens vegvesen dekketilstanden på alle riksvegane. Vi gjer dette ved hjelp av laserskannarar som er monterte på bilar som vi bruker når vi inspiserer vegnettet. Vi får ut nøyaktige data på spor og jamne i asfaltdekket, og ser korleis tilstanden vil utvikle seg.
Vi har gjort årlege målingar heilt sidan 1990. Vi har derfor svært god oversikt over dekketilstanden på vegnettet. Målingane er grunnlaget for prioriteringane våre, det vil seie kva for vegar som får asfalt i år og dei neste åra.
Vi har ikkje nok midlar til å asfaltere alle vegar som burde hatt nytt dekke. For å få best effekt ut av pengane vel vi å asfaltere lengre strekningar og samle strekningane geografisk. Vi prioriterer strekningar som er sporete og har dårleg standard.
Når vi prioriterer mellom vegar så spelar trafikkmengda, delen av tungtrafikk på vegen og trafikksikkerheita ei rolle.
Statens vegvesen jobbar etter ein fireårig vedlikehaldsplan. Det betyr at vi har gode planar for asfaltlegginga dei kommande åra. Men sjølv om vi jobbar etter ein fireårsplan for asfaltlegginga kan det skje endringar. Dersom det i løpet av vinteren har oppstått skader på asfaltdekket, kan det bli aktuelt å omprioritere eller å justere omfanget.
Levetida på asfalten varierer
Vi vel steinrik og slitesterk asfalt på vegar med stor trafikk. Dersom fundamentet på vegen er godt, er levetida på asfalt på slike vegar seks til åtte år. Levetida på asfalt på vegar med mindre trafikk og som har eit godt fundament, kan vere 15 til 20 år.
Ny asfalt på vegane har mykje å seie for trafikksikkerheita og gir eit godt veggrep som sikrar framkome og køyrekomfort.
Asfaltering går føre seg på kveld og natt
På dei mest trafikkerte riksvegane blir vegen stengd for trafikk medan asfalteringa pågår. Av omsyn til trafikantane vil mykje av asfalteringa gå føre seg på sein kveld og natt.
På mindre trafikkerte vegar vil det vere kolonnekøyring, og det kan bli litt ventetid for trafikantane. Vi ber trafikantane om å ta omsyn til asfaltarbeidarane og trafikkdirigentane langs vegen.
Kvart år oppstår det trafikkfarlege situasjonar som følgje av at utålmodige bilistar gjer farlege forbikøyringar og køyrer aggressivt i anleggsområdet.
Dei som er ute på vegen og jobbar, er der for å auke sikkerheita og køyrekomforten for deg som trafikant. Då er det fint om du bidrar til å auke sikkerheita for arbeidarane medan dei gjer jobben sin.
Kuttar utslepp av klimagassar
Statens vegvesen har eit mål om å halvere CO2-utslepp til drift og vedlikehald innan 2030. Grepa Statens vegvesen har tatt og vil ta dei neste åra, vil føre til ei konkurranseendring, der klimatiltak vil løne seg.
I 2023 planlegg Statens vegvesen å legge omlag ein halv million tonn asfalt på riksvegane. Tiltak for å redusere CO2-utslepp frå asfaltproduksjon og -utlegging vil derfor gjere ein forskjell.
Statens vegvesen gir ein tydelig beskjed om at dette er ei utvikling vi vil ha. For entreprenørane inneber dette investeringskostnadar, og dei må vite at det løner seg å gjere desse investeringane. Vi har ein god og tett dialog med bransjen for å finne løysingar.
Statens vegvesen starta i 2019 eit forsøk med vekting av CO2 i nokre asfaltkontraktar og har utvida bruken av dette i åra etter. CO2-utslepp spelar ei avgjerande rolle for kva entreprenør som vinn konkurransen om asfaltkontraktar.
Nokre av tiltaka er lågtemperaturprodusert asfalt, meir klimavenlege fyringsmetodar ved asfaltproduksjon, gjenbruk av asfalt, redusert fuktinnhald i tilslagsmassar, kortreist stein og miljøvenleg transport. All asfalten som blir frest bort, skal brukast om att.
Tiltaka for å avgrense CO2-utsleppa skal ikkje gå på kostnad av levetida til asfalten. Kvaliteten på asfalten er framleis like viktig.
Bruker nær 200 millionar på vegoppmerking
Vegoppmerking skal bidra til effektiv, føreseieleg, einsarta og trafikksikker avvikling av trafikken ved å informere, varsle, leie og styre trafikantane i veg- og trafikksystemet samt supplere og forsterke informasjon gitt ved trafikkskilt.
Vi bruker nær 200 millionar kroner årleg på vegoppmerking på riksveg. 30 prosent av vegoppmerkinga blir lagd på nyasfalterte vegar, medan 70 prosent er reparasjonar av gamal vegoppmerking.
Gjennom ein vintersesong vil mykje av vegoppmerkinga bli sliten som følgje av piggdekkbruk og ikkje minst skada av vintervedlikehald. Ein tøff vinter med mykje snøbrøyting kan gå hardt ut over både gul og kvit vegoppmerking. Verken asfalt eller vegoppmerking kan motstå skadar frå snø og isfjerning (vinterdrift).
Ulike materiale for oppmerking av vegar
I Noreg, som i nabolanda våre i Skandinavia, blir det i hovedsak nytta vatnbasert måling til oppmerking på lågtrafikkert vegnett og eit termoplastisk materiale for oppmerking på meir høgtrafikkerte vegar. Begge desse produkttypane inneheld plastar av ulike kvalitetar og mengder.
Årleg blir det forbruktt ca. 12 500 tonn termoplastisk vegoppmerkingsmateriale og ca. 1 000 tonn vatnbasert måling til vegoppmerking på den norske marknaden. I desse produkta er innhaldet av det som kan kallast plastkomponentar, ca. 2 prosent av dei termoplastiske produkta og ca. 20 prosent av den vatnbaserte målinga.
Det betyr at den norske marknaden blir årleg tilført ca. 240 tonn plastkomponentar ved oppmerking med termoplastiske materiale og ca. 220 tonn plastkomponentar ved oppmerking med vatnbasert måling.
Ein del av vegoppmerkinga endar opp i vegkanten anten som små partiklar frå slitasje eller som større bitar som følgje av vintervedlikehald. Kva som skjer vidare med dette i form av nedbryting og eventuell avrenning er ikkje klarlagt.
MEPEX har på oppdrag for Miljødirektoratet utarbeidd ein rapport (Sources of microplastic pollution to the marine environment, 04.12.2014) der ulike potensielle kjelder til marin forureining blir kartlagde. Estimatet for vegmerkinga er sett til ca. 320 tonn (basert på dei mengdene og typane materiale som var i 2014). Til samanlikning er estimatet for slitasje av gummidekk sett til ca. 4 500 tonn.
Statens vegvesen set krav til at vegoppmerkingsmateriale som blir nytta, skal vere slik sette saman og dokumenterte at krava i helse-, miljø og sikkerheitslovgivinga blir tilfredsstilte.