Brøyting, strøing og salting
Statens vegvesen har ansvar for å brøyte, salte og strø europa- og riksvegane. Her kan du lese korleis me driftar vegane våre på vinteren.
Fylkeskommunane har ansvar for fylkesvegane, og kommunen har ansvar for dei kommunale vegane.
Vinterdrifta er svært viktig for at vegane skal vere framkomelege og trafikksikre. Å drifte vegane våre om vinteren krev god organisering og beredskap slik at vi raskt kan setje i verk nødvendige tiltak for å halde ved lag den standarden vegen skal ha.
Oppgåvene med vinterdrift kan delast i
- snøbrøyting og -ryddinsandstrøing
- salting
- andre vinterarbeid
Snøbrøyting og -rydding
Føremålet med snøbrøyting er å fjerne laus snø frå eit brøyteareal. Brøytearealet kan i tillegg til vegbanen også omfatte for eksempel busslommer, rasteplassar, snuplassar, møteplassar, parkeringsplassar, gang- og sykkelfelt og fortau.
Snøbrøyting bør gjerast under, eller rett etter, snøver. For å unngå at snøen blir nedkøyrd til eit hardt snødekke som er vanskeleg å fjerne med plog, er det viktig å starte snøbrøytinga tidleg – og før det er mykje trafikk på vegen. Snøbrøyting blir vanlegvis gjort med plog montert på ein lastebil, men også traktor, høvel eller hjullastar kan brukast.
Det er Statens vegvesen som har ansvaret for tilstanden på europa- og riksvegane, men sjølve jobben med brøyting og strøing blir gjort av private entreprenørar. Entreprenørane blir valde etter ein ordinær tilbodskonkurranse.
Statens vegvesen har laga ein landsdekkjande standard for brøyting, strøing og salting, og i kontraktane mellom Statens vegvesen og entreprenørane er denne standarden beskriven. Statens vegvesen har jamlege kontrollar for å sjekke at entreprenøren følgjer denne standarden.
Dei ulike vinterdriftsklassane
Vegane er delte inn i fem vinterdriftsklassar, frå A til E. Trafikkmengd og klimaforhold avgjer kva vinterdriftsklasse ein veg har. Ingen riksvegar har driftsklasse E.
- Vinterdriftsklasse A: På desse vegane skal det vere berr veg (tørr eller våt).
- Vinterdriftsklasse B: Desse vegane skal ha berr veg (tørr eller våt), men hard snø/is er tillate utanom hjulspor i eit avgrensa tidsrom.
- Vinterdriftsklasse C: I periodar med lite nedbør eller rimdanning, og ved temperaturar rundt null gradar, skal vegbanen i klasse C vere fri for is og snø. I kalde periodar og ved større snøfall kan vegbanane ha eit hardt og jamt snø- og isdekke.
- Vinterdriftsklasse D: Godkjent føreforhold er hard snø/is.
- Vinterdriftsklasse E: Godkjent føreforhold er hard snø/is, og friksjon ned til 0,20 blir akseptert. Driftsklasse E skal ikkje nyttast på riksvegar.
Krava til vinterklassane gjeld i ein normalsituasjon. Ved spesielle vêrtilhøve gjeld andre krav. Snør det svært mykje for eksempel, er det ikkje mogleg for brøytemannskapa å halde vegane berre til ei kvar tid (klasse A og B). I kontrakten dei har med Statens vegvesen, er det definert kor lang tid dei då har på seg til å få vegane i godkjent stand etter at snøvêret har gitt seg.
Brøytestikker
Brøytestikkene skal hjelpe alle trafikantane ved å vise kvar vegen går. Dette er spesielt viktig i dårleg vêr som ved tåke, snøvêr og mørke haustdagar. Brøytestikkene er derfor viktige for trafikksikkerheita for alle trafikantar. I tillegg hjelper brøytestikkene med å markere brøytearealet for brøytemannskapa.
Brøytestikker blir sette ut om hausten, og entreprenørane samlar dei inn når vinteren er over. Heile brøytestikker blir brukte om att neste år. Øydelagde brøytestikker skal samlast inn på lik linje med søppel langs vegane.
Vintersesongen 2020–2021 testa Statens vegvesen ut nye typar brøytestikker. Desse var laga av resirkulert plast, furu og pil i tillegg til dei tradisjonelle brøytestikkene av plast og bambus. Dei vart testa langs riksveg 9 Setesdal, E6 Dovrefjell og E6 Fauske, i tillegg til eit prøvefelt på Bjorli flyplass.
Her testa vi kor synlege dei ulike brøytestikkene var under ulike vêrforhold, og kor godt dei tålte belastinga frå brøyting gjennom vinteren. Forsøket viste at brøytestikkene av raud plast er best synlege under dei fleste vêrforhold, og det viste seg også at plaststikkene var mest haldbare.
Sandstrøing
Sandstrøing er eit viktig tiltak for å oppnå godt veggrep på snø- og isdekte vegar. Strøing blir gjort for å halde friksjonen ved lag eller ein kan strø preventivt dersom vêrprognosane tilseier at det plutseleg kan bli glatt ved overgang til mildvêr eller regn på snø- eller isdekke.
Vi har tre ulike metodar for sandstrøing
Salting
Salt i tillegg til brøyting er eit hjelpemiddel i vinterdrifta for raskt å oppnå eller halde ved lag berr veg. Saltet bryt ned strukturen i snøen slik at han ikkje festar seg til vegbanen, og dermed kan han brøytast bort.
Salt skal ikkje brukast til tining av snø og is, bortsett frå å fjerne rim og tynne ishinner i vegbanen. Å salte preventivt før det oppstår rim eller ishinner i vegbanen, gir best effekt ved at vi unngår glatt veg.
Dessutan treng vi mindre salt for å unngå frysing samanlikna med kva vi treng for å kunne tine is. Salt verkar best på vegar med stor trafikk. I vinterdriftsklassane D og E blir salt brukt berre unntaksvis.
Andre vinterarbeider
Andre vinterarbeid er
- å setje ut, supplere og ta ned brøytestikker
- tining av grøfter og stikkrenner
- opning av brøytekantar for vatnavleiing
- fjerning av is og istappar i skjeringar
- utbetring av telehiv
- opprydding etter snøskred
- opning av vinterstengde vegar
-
Bilde 1 av 3: Vinterdrifta er svært viktig for framkome og trafikksikkerheit langs vegane. Foto: Øystein Skotte -
Bilde 2 av 3: Fastsandspreiar. Foto: Per Ingar Haug -
Bilde 3 av 3: Statens vegvesen har ansvar for å brøyte, salte og strø europa- og riksvegane. Foto: Odd Walter Hirsivaara