Skade på køyretøy grunna dårleg veg
Har du opplevd eit uhell eller skade på køyretøy grunna tilstaden på vegen, bør du ta kontakt med forsikringsselskapet ditt.
Det er forsikringsselskapet som vurderer om det er grunnlag for å krevje erstatning frå drifts- og vedlikehaldsentreprenør eller vegeigar.
Du kan logge in hos Trafikkforsikringsforeningen for å sjekke kvar køyretøyet ditt er forsikra.
Har skaden skjedd på ein fylkesveg eller kommunal veg, må du ta direkte kontakt med fylket eller kommunen.
Erstatningsansvar på riks- og europavegar
Private entreprenørar utfører drift og vedlikehald på riks- og europavegar for Statens vegvesen. Det er sjeldan at Statens vegvesen er ansvarelg for handlingar som entreprenøren har gjort.
Statens vegvesem kan bli ansvarelg for å betale erstatning dersom:
- Du har hatt eit økonomisk tap.
- Tapet kjem av noko tilsette i Statens vegvesen har gjort eller ikkje gjort.
- Du kan bevise at det er deira feil at du har tapt pengar.
Om du vil krevje erstatning frå Statens vegvesen, må du bevise at alle krava for erstatning er oppfylte. Det er ikkje nok å vise til skade og økonomisk tap. Du må også bevise ta tilsette i Statens vegvesen er ansvarlege for skaden.
Varsle oss om dårleg veg
Når Statens vegvesen blir kjend med at ein veg eller delar av ein veg kan gjere skade på personar og/eller køyretøy, er rutinane våre å snarast ta kontakt med våre drift- og vedlikehaldsentreprenørar på strekninga, som undersøkjer og vurderer tiltak for utbetring.
Ta kontakt med Vegtrafikksentralane på telefon om du oppdagar ein dårleg veg eller andre forhold som utgjer ein fare for trafikken.
Køyr forsiktig
Vegnettet blir brukt av trafikantar dagleg, og i akkurat den tilstanden det er, difor er det viktig å køyre forsiktig. Statens vegvesen kan ikkje gi nokon garanti om at uhell eller skadar ikkje vil skje. Å køyre på norske vegar inneber den vanlege trafikkrisikoen som alle sjåførar må ta stilling til kvar dag dei legg ut på ein køyretur.
Som sjåfør er det viktig å opptre varsamt når ein køyrer på vegen. Du skal tilpasse farten etter sikt, tilstanden på vegen og trafikkforholda elles på staden.