Vi bruker store ressursar på å sikre riksvegnettet mot nedfall av stein, is, snø og jord for å gjere det trygt å ferdast på vegane.

Steinskred og snøskred utgjer størstedelen av slike hendingar. For å gjere det trygt å ferdast på vegane og redusere den tida vegane er stengde på grunn av ras og skred, arbeider Statens vegvesen kontinuerleg med å byggje fysiske sikringstiltak langs det skredutsette riksvegnettet.

I tillegg til fysiske tiltak er det viktig å ha god beredskap for å handtere skred og skredfare som påverkar vegnettet. Som ein del av dette beredskapsarbeidet bidrar Statens vegvesen til den regionale skredvarslinga i Noreg gjennom varsom.no.

Skredvarsling

Statens vegvesen har snøskredvarslarar og jordskredvarslarar som inngår i ei vaktordning saman med Noregs vassdrags- og energidirektorat og Meteorologisk institutt som er dei andre aktørane som står bak varsom.no.

Gjennom skredvarslingstenesta samarbeider etatane også om bygging og drift av vêrstasjonar i fjellet og utvikling av felles IKT-løysingar som Varsom Xgo (xgeo.no) og Varsom Regobs (regobs.no).

I tillegg har vi fagpersonar på skred som jamleg melder inn lokale observasjonar og farevurderingar frå felt. Driftsentreprenørar med ansvar for skredutsette vegar melder også inn lokale observasjonar og fareteikn til oss som del av den daglege rutinen deira.

Dette bidrar til meir tryggleik på vegane samtidig som data blir delte med skredvarslinga på varsom.no, som også har friluftsliv, jernbane og bygningar som målgrupper.

Automatisk skredvarsling

På enkelte punkt på riksvegnettet rundt om i landet har Statens vegvesen automatisk skredvarsling. Dette er målesystem som baserer seg på instrument med geofonar og radarar som registrerer ristingar. Dei oppdagar skredhendingar tidsnok til at dei kan varsle og stoppe trafikantane med raudt, blinkande lys og/eller bommer så dei ikkje køyrer inn i skredet.

Slike anlegg finst blant anna på riksveg 15 i Lom i Ottadalen og på E16 i Vaksdal mellom Bergen og Voss. I tillegg finst det slike anlegg på ei rekke fylkesvegar.