Når vi stengjer tunnelane er det fordi vi må kontrollere og halde ved like det tekniske sikringsutstyret for å vareta sikkerheita for deg som trafikant.

Tre personer i arbeidsklær inspiserer et elektroskap i en tunnel.
Elektroinspeksjon. Foto: Knut Opeide, Statens vegvesen

Det er mykje teknisk utstyr i ein tunnel som må kontrollerast og haldast ved like jamleg for å vareta sikkerheita for deg som trafikant. I gjennomsnitt stengjer vi tunnelar over 500 meter ca. éin gong i månaden i samband med planlagt, eller såkalla periodisk, vedlikehald.

Entreprenørar med spesialkompetanse på tunnelvedlikehald gjer arbeidet saman med oss i Statens vegvesen. Vi jobbar når trafikken er låg, derfor stengjer vi ofte tunnelar om natta.

Dette gjer vi i tunnelen når han er stengd

Vi gjer ikkje alt på ein gong, men prøver å få gjort flest mogleg oppgåver samtidig for å få færrast mogleg stengingar:

Vi må kontrollere og halde ved like det tekniske tryggingsutstyret jamleg for å vareta trygginga di som trafikant. Her ser du kva vi gjer i tunnelane når dei er stengde. Video: Øystein Skotte / Statens vegvesen.

Vedlikehald av tunnelar under 500 meter 

Korte tunnelar, under 500 meter lange, har ikkje så mykje utstyr, og det er litt mindre krav til overvaking, men også dei har behov for normalt vedlikehald.

Blant anna må vi kontrollere lys og vaske tunnelen etter behov. I tillegg gjennomfører vi jamleg inspeksjonar for å sjå om det finst laust fjell eller andre skadar som kan føre til at ting fell ned i vegbanen.

Andre grunnar til at tunnelen er stengd

Ein tunnel kan også vere stengt av andre årsaker, som

  • upårekna hendingar og ulykker som for eksempel motorstopp, last som har falle av ein hengjar, punktering, brann i køyretøy, og kollisjon
  • utbetring etter skadar, feil eller manglar
  • beredskapsøvingar der Statens vegvesen og nødetatane øver saman for å bli betre rusta til å handtere hendingar i tunnelen
  • store utbetringar og oppgraderingar for å innfri krava i tunnelsikkerheitsforskrifta

Verdt å vite

Dogg og is på frontruta

Ved enkelte vêrforhold vil fukta i den varme lufta inne i tunnelen kondensere når ho treffer kald luft ute. Det ser du vanlegvis ved at det er tåkete ved tunnelportalen.

Då er det viktig å senke farten, skru på varmen på vifta, setje på vindaugsviskarane før du køyrer inn i tunnelen, og bruke spylevæske dersom det isar. Ver obs der det er skilta om doggproblem.

Brann i tunnel

Ved brann i tunnel er det viktig å handle raskt og kome seg ut av tunnelen. Sjå tips vi har til kva du bør vite på sida Brann i tunnel.