Kontrollsanksjon – parkeringsbot på område med vilkår for parkeringa
Kontrollsanksjon blir brukt på parkeringsområde der det er vilkår for parkeringa. Du kan få ein kontrollsanksjon dersom du bryt parkeringsforskrifta. Det gjer du til dømes når
du ikkje har betalt
parkeringstida har gått ut
du ikkje har parkeringsløyve
du har parkert i strid med reglane om biloppstilling
du står på ein plass for forflyttingshemma utan å ha gyldig HC-bevis
Parkeringsbetjentar har fast løn uavhengig av kor mange bøter dei skriv ut. Dei får ikkje provisjon. Dette er fastsett i parkeringsforskrifta.
Kor mykje må du betale i kontrollsanksjon?
Storleiken på ein kontrollsanksjon avheng av kor alvorleg brotet er. Kor mykje du må betale, er fastsett ved lov:
330 kroner – for å stå på ein plass med tidsavgrensa gratisparkering utan ei parkeringsskive, registrering, parkeringsbillett eller liknande for tidsrommet.
660 kroner – for å parkere i strid med skiltet på parkeringsområdet, for eksempel ikkje betalt avgift, utløpt billett, utanfor oppmerka felt og liknande.
990 kroner – for å parkere på ein plass som er reservert for forflyttingshemma, utan gyldig løyve.
Dersom du klagar til parkeringsverksemda innan tre veker etter at du fekk bota, treng du ikkje betale før du eventuelt får avslag på klagen.
Dersom du klagar til Parkeringsklagenemnda innan tre veker frå du fekk avgjerda frå parkeringsverksemda, treng du ikkje betale før du eventuelt får avslag på klagen.
Du må betale kontrollsanksjonen dersom du klagar seinare enn dette. Dersom du får medhald i klagen, får du beløpet tilbakebetalt.
Parkeringsgebyr – parkeringsbot når du bryt vegtrafikklova, trafikkreglane eller skiltforskrifta
Parkeringsgebyr blir gitt for brot på vegtrafikklova, trafikkreglane eller skiltforskrifta. Eit slikt brot kan til dømes vere dersom du parkerer der det er skilta med parkerings- eller stanseforbod, eller dersom du parkerer i kryss, på fortau, for nær eller på gangfelt eller i sykkelfelt.