Hovudregelen er at bussar og drosjer med taklykt kan køyre i kollektivfelta der skilta viser dette.

I tillegg kan ei rekkje andre køyretøy nytte seg av feltet. Tilgangen til eit kollektivfelt kan bli avgrensa ved bruk av underskilt. 

Desse køyretøya kan også bruke kollektivfelta:

  • elektriske og hydrogendrivne køyretøy
  • motorsykkel med to hjul utan sidevogn
  • moped med to hjul
  • sykkel
  • uniformerte utrykkingskøyretøy
  • minibussar i løyvepliktig persontransport
  • minibussar (inntil 16 personar) som fraktar minst sju passasjerar i tillegg til sjåføren

Motorsykkel og moped med tre eller fire hjul kan ikkje køyre i kollektivfelt.

Dersom kollektivfeltet er på ein motorveg eller motortrafikkveg, må køyretøyet kunne køyre i minst 40 kilometer i timen for å bruke feltet.

Skilt i kollektivfelt

Skilta fortel kva køyretøy som har lov til å køyre i kollektivfelta.

Kollektivfelt for buss

Illustrasjon av skilt for kollektivfelt for buss
Trafikkskilt 508.1 Kollektivfelt for buss

I felt med dette skiltet kan følgjande køyretøy køyre:

  • bussar
  • minibussar i løyvepliktig yrkestransport
  • minibussar (inntil 16 personar) som fraktar minst sju personar i tillegg til sjåføren
  • elektriske eller hydrogendrivne køyretøy
  • motorsykkel med to hjul utan sidevogn
  • moped med to hjul
  • sykkel
  • uniformerte utrykkingskøyretøy

Kollektivfelt for buss og drosje

Illustrasjon av skilt for kollektivfelt for buss og drosje
Trafikkskilt 508.2 Kollektivfelt for buss og drosje.

I felt med dette skiltet kan følgjande køyretøy køyre:

  • drosjer med taklykt
  • bussar
  • minibussar i løyvepliktig yrkestransport
  • minibussar (inntil 16 personar) som fraktar minst sju personar i tillegg til sjåføren
  • elektriske eller hydrogendrivne køyretøy
  • motorsykkel med to hjul utan sidevogn
  • moped med to hjul
  • sykkel
  • uniformerte utrykkingskøyretøy

Sambruksfelt

Illustrasjon av skilt for sambruksfelt
Trafikkskilt 509 Sambruksfelt

I felt med dette skiltet kan følgjande køyretøy køyre:

  • køyretøy med minst så mange personar som er oppgitt på skiltet
  • drosjer med taklykt
  • bussar
  • minibussar i løyvepliktig persontransport
  • minibussar (inntil 16 personar) som fraktar minst sju personar i tillegg til sjåføren
  • elektriske eller hydrogendrivne køyretøy
  • motorsykkel med to hjul utan sidevogn
  • moped med to hjul
  • sykkel
  • uniformerte utrykkingskøyretøy

Skilt ved slutt på kollektiv- og sambruksfelt

Skilta under viser når det er slutt på kollektiv- og sambruksfelta, og trafikantane må over i vanleg køyrefelt.

Slutt på kollektivfelt

Illustrasjon av skilt for slutt på kollektivfelt
Trafikkskilt 510.1 Slutt på kollektivfelt
Illustrasjon av skilt for slutt på kollektivfelt
Trafikkskilt 510.2 Slutt på kollektivfelt

Slutt på sambruksfelt

Illustrasjon av skilt for slutt på sambruksfelt
Trafikkskilt 511 Slutt på sambruksfelt

Underskilt kan avgrense åtgangen til kollektivfelt

Åtgangen til eit kollektivfelt kan avgrensast ved bruk av underskilt. Underskilt kan seie at bestemte grupper av køyretøy ikkje kan køyre i feltet heile eller delar av døgnet. For eksempel vil eit underskilt med teksten «Gjeld ikkje elmotorvogn» seie at elektriske motorvogner ikkje har åtgang til det aktuelle kollektivfeltet.

Underskilt kan også oppgi andre vilkår, for eksempel krevje at du har med minst éin passasjer.

Tungtrafikkfelt

Trafikkskilt 506 Tungtrafikkfelt der skiltet viser en illustrasjon av et vogntog på 7,5 tonn.
Trafikkskilt 506 Tungtrafikkfelt (eksempel) Illustrasjon: Statens vegvesen

I felt med dette skiltet kan følgande køyretøy køyre: 

  • motorvogn med tillatte totalvekt høgare enn angitt (i eksempelet 7,5 tonn) 
  • uniformert utrykningskøyretøy
Trafikkskilt som viser Slutt på tungtrafikkfelt ved vogntog på 7,5 tonn.
Trafikkskilt 507 Slutt på tungtrafikkfelt (eksempel) Illustrasjon: Statens vegvesen

Underskilt kan utvide tilgangen til tungtrafikkfelt

Tilgangen til tungtrafikkfelt kan bli utvida ved bruk av underskilt. For eksempel vil underskilt med teksten «Tillat for taxi» bety at også taxi kan køyre i feltet. 

Motorveg og motortrafikkveg

Syklistar, mopedar andre køyretøy som ikkje kan køyrast lovleg i meir enn 40 kilometer i timen, får ikkje opphalde seg på motorveg eller motortrafikkveg. Dei kan dermed heller ikkje bruke kollektivfelta her.