«Vegvesen trafikk» er ein mobilapp frå Statens vegvesen. Appen skal gi deg som sjåfør enkel tilgang til informasjon langs vegen på telefonen.

Her kan du laste ned appen Vegvesen trafikk:

Kva kan du bruke appen til?

Du kan bruke han til dette

  • Varslingar
    • For område
    • For rute
    • For fjellovergangar
    • For eit utval verutsette vegar
    • For eit utval bruer
    • For eit utval tunnelar
  • Lagre favorittar
  • Sjå køyreforhold på webkamera
  • Sjå status på fjellovergangar
  • Sjå trafikkinformasjon

 

For deg som er tungbilsjåfør

  • Oversikt over aksellastrestriksjonar
  • Lovleg rute tilpassa ditt køyretøy basert på bruksklasse, lengde og høgde
  • Kvileplassar med sanntidsdata for eit utval
  • Sjå høgdegrenser i kartet

Last ned appen i dag!

Mobiltelefon med appen Vegvesen trafikk open.
Appen Vegvesen trafikk. Illustrasjon: Statens vegvesen