Bruker du elsparkesykkel, må du kjenne til og overhalde mange reglar. Reglane gjeld for alle køyretøy som kan definerast som liten elektrisk motorvogn.

Reglane på denne sida gjeld for alle køyretøy som kan definerast som liten elektrisk motorvogn. Døme på liten elektrisk motorvogn er elsparkesykkel, ståhjuling og elektriske skateboard.

Elsparkesykkel vert rekna som ein sykkel. Sjå trafikkreglar for syklistar. 

Det er vegtrafikklova sin § 3 som ligg til grunn for trafikkreglane, og han skal sikre at alle som går, syklar eller køyrer, skal ferdast så trygt som mogleg. Det betyr at du har eit personleg ansvar for at åtferda di i trafikken ikkje skaper farlege og vanskelege situasjonar for andre trafikantar.

Vegtrafikklova sin § 3 seier at «Enhver skal ferdes hensynsfullt og vere aktpågivende og varsom så det ikkje kan oppstå fare eller voldes skade og slik at annen trafikk ikkje unødig blir hindret eller forstyrret. Vegfarende skal også vise hensyn overfor dem som bor eller oppholder seg ved vegen.»

Omgrepa omsynsfull, aktsam og varsam i paragrafen vil seie at du må vise omsyn og vere merksam og forsiktig i trafikken.

Aldersgrense på elsparkesykkel

Aldersgrensa for å køyre elsparkesykkel er 12 år. Hugs at utleigeselskapa kan ha høgare aldersgrense, til dømes 16 eller 18 år.

Krav om hjelm

Barn under 15 år har påbod om å bruke hjelm, men vi tilrår at alle gjer det. Det er stor forskjell på kor mykje du skadar deg med og utan hjelm.

Ruspåverka køyring

Det er forbode å køyre elsparkesykkel dersom du er påverka av alkohol eller eit anna rusande eller bedøvande middel. Det er den alminnelege promillegrensa på 0,2 som gjeld.

Passasjerar på elsparkesykkel

På elsparkesyklar er det ikkje tillate med passasjer. Det er heller ikkje tillate å ha passasjerar i ein tilhengjar som er festa på sparkesykkelen.

Vis omsyn når du parkerer

Du kan parkere på gang- og sykkelveg, fortau eller gågate så lengje sparkesykkelen ikkje er til hinder eller ulempe for andre. Det betyr at han ikkje skal vere i vegen for dei som syklar og går.

Du må parkere slik at det ikkje er til hinder for menneske med ulike behov, som for eksempel rullestolbrukarar og dei med nedsett syn.

Når du parkerer, skal du sørge for å sette frå deg sparkesykkelen på ein slik måte at han ikkje veltar og skapar problem for andre trafikantar.

Du kan få gebyr om du parkerer feil

Dersom du parkerer slik at elsparkesykkelen er til hinder eller ulempe for andre, eller på område der det er vist med skilt at det ikkje er lov å parkere, kan du få eit gebyr på 900 kroner.

Kvar kan du køyre?

Du kan i utgangspunktet køyre overalt så lenge du følgjer køyreretninga og skiltinga.

Det er forbode å køyre med elsparkesykkel på motorvegar og på vegar som er skilta med forbod mot syklistar, for eksempel på nokre bruer og i mange tunnelar.

Når du bruker elsparkesykkel, er du mindre synleg enn bilar og meir utsett for ulykker. Ta ingen sjansar!

Bot (forenkla førelegg)

Du kan bli bøtelagd med eit forenkla førelegg når du bryt trafikkreglane. Dersom lovbrotet er alvorleg, kan du bli meld til politiet. Bøtelegging og melding skjer oftast i samband med særleg farleg åtferd.

Krav til ansvarsforsikring for alle elsparkesyklar

Elsparkesyklar blir omfatta av bilansvarslova og må ha ansvarsforsikring anten dei er eigde av utleiefirma eller privatpersonar. Denne endringa gjeld frå 1. september 2022 for elsparkesyklar eigde av utleiefirma og frå 1. januar 2023 for elsparkesyklar eigde av privatpersonar.

Trygg på elsparkesykkel