Startar arbeidet med reguleringsplan for E134 Grisesvingen og Tomatsvingen
Statens vegvesen skal utarbeide detaljreguleringsplan for E134 Grisesvingen og Tomatsvingen-Sauland i Hjartdal kommune.
Formålet med planarbeidet er å auke trafikktryggleiken og framkoma på vegen gjennom betre kurvatur og sikkert sideterreng.
Last ned
Planprosess, framdrift og frist for innspel/merknader
Merknader til planarbeidet sendast skriftleg til Statens vegvesen innan 27. september 2024 anten på brev til:
- Statens vegvesen, postboks 1010 Nordre Ål, 2605 Lillehammer
eller på e-post til:
- firmapost@vegvesen.no
Merk brevet eller e-posten med saksnr. 24/141627.
Når merknadsfristen er ute vil Statens vegvesen gå gjennom merknader og innspel. Merknader og innspel vil ikkje bli svart ut direkte, men vil bli kommentert og vurdert i plandokumenta.
Statens vegvesen vil utarbeide eit planforslag fram mot vinteren/våren 2025. Planforslaget vil bli lagt ut til høyring og offentleg ettersyn, og det blir mogleg å komme med merknader og motsegn til forslaget før vidare politisk handsaming.
Det er eit mål at planen blir vedteke i løpet av sommaren 2025.
Ta gjerne kontakt
Eventuelle spørsmål til planarbeidet kan rettast til planleggingsleiar Tone-Lill Hall, mobil 909 22 109, e-post: tone-lill.pedersen@vegvesen.no