Statens vegvesen skal byggje ny vegtrasé for E134 mellom Vågsli og Seljestad.
Prosjektet er inndelt i tre byggetrinn, der byggetrinn 1 mellom Røldal og Seljestad fekk finansiering 11. april 2024. Byggetrinn 2 og 3 er har godkjent reguleringsplan, men manglar finansiering.
Bygging av ny Røldalstunnel frå Røldal til Seljestad er i gang. Første spadetak blei tatt 19. mai.
Planområdet dekkar strekninga Vågsli i Vinje kommune (Telemark fylke) til Seljestad i Ullensvang kommune (Vestland fylke). Reguleringsplanar for strekninga E134 Vågsli – Seljestad (Telemark/Vestland fylker) vart godkjende i 2019.
Strekninga mellom Vågsli – Seljestad på E134 har i dag lange og bratte stigningar med smale og svingete parti som gjer det utfordrande å ta seg fram. I tillegg fører krevjande vêrforhold ofte til stenging eller kolonnekøyring. Det har vore ein auke i stenging og kolonnekøyring dei siste åra. Det skaper store utfordringar for framkomst, trafikktryggleik og samfunnstryggleik.
Ny E134 mellom Vågsli og Seljestad vil gje vesentleg reduksjon av stenging og kolonnekøyring på strekninga. Det vil også korte ned køyrelengda med ca. 11 kilometer og redusere høgdemeter med rundt 1000 meter. For tunge køyretøy vil køyretida bli redusert med om lag ein halv time. Ny veg vil auke trafikktryggleiken, betre framkomst ved dårlege vêrforhold og flytte trafikk ut frå tettstaden Røldal.
Første byggjetrinn er strekninga frå Røldal til Seljestad. Strekninga har fått vedtak om finansiering i Stortingsvedtak frå 11. april 2024. Dette byggjetrinnet vil gi størst innsparing i lengde, høgdemeter, køyretid, drivstoffkostnad og klimautslepp. I tillegg vil denne strekninga gje mest betring i høve til fastkøyring og bilberging på vinterstid, mest betring av stigningstilhøva og mest betring av trafikktilhøve for mjuke trafikantar.
E134 over Haukelifjellet er ein av stamvegane mellom aust- og vestlandet. Vegen er ein viktig ferdslesåre, særleg for næringslivet sør for Hardangerfjorden, med kring 20 prosent tungtrafikk. Årsdøgntrafikken er i dag om lag 2 200 køyretøy.