E134 Røldal-Seljestad: Invitasjon til digital marknadsdialog for entreprenørbransjen
Statens vegvesen inviterer entreprenørar til digital marknadsdialog for E134 Røldal-Seljestad måndag 14. februar.
Vi er i gong med prosjektering på strekninga frå Røldal til Seljestad, og prosjektet planlegg utlysing av hovudentreprisen ved årsskiftet 2022/2023, med byggestart i 2023, forutsett at finansieringa er avklåra.
Vi ynskjer no å starte dialog med marknaden rundt kontraktsstrategien for å sikra involvering av bransjen. I møtet vil vi presentera prosjektet og prosjekteringsgrunnlaget, samt kontraktsstrategi.
Praktisk informasjon:
Tid: Måndag 14. februar 13:00-15:00
Elektronisk lenke til møtet
Last ned invitasjon i PDF
Påmelding er ikkje naudsynt.
Moglegheit for å avtala éin‐til‐éin møter
Entreprenørar som ynskjer éin-til-éin møter med prosjektet i etterkant av dette møtet kan kontakte prosjektleiar Beate Riisnæs på e-post for å avtale nærare.
Om prosjektet
E134 skal styrkast som ein av hovudvegsambanda mellom aust- og vestlandet, og Statens vegvesen skal byggje ny vegtrasé for E134 mellom Vågsli og Seljestad.
Prosjektering av fyrste byggjetrinn på strekninga frå Røldal til Seljestad er i gong. På denne strekninga skal vegen i hovudsak leggjast i ny tunnel under Røldalsfjellet. Den nye vegen omfattar også ein parsell med ny E134 i dagen og nytt vegkryss på Seljestad. Tunnelpåhogget på denne sida vert i fjellet ved Hesjabakkmyrane. Det skal og etablerast eit nytt kryssområdet på Liamyrane, her vert tunnelpåhogget ved Vetle Hovden.