Artikkelen er frå 2018, og innhaldet kan vere utdatert.

Plan- og miljøutvalet i Vinje kommune vedtok i møte 11. april 2018 å leggje framlegg til detaljregulering for E134 Vågsli–fylkesgrensa ut til offentleg ettersyn.

Føremålet med planen er å legge til rette for utbygging av ny stamveg E134 Vågsli–Seljestad med betre vegstandard og vinterregularitet, samt å ivareta den historiske vegen som eit samferdselsminne.

Planframlegget vil òg vera å sjå på siden «Reguleringsplanar» og på Tenestetorget i Åmot.

Merknadar

I perioden for offentleg ettersyn kan alle koma med merknader. Merknadar til planforslaget skal sendast innan 1. juni 2018 til:

  • Statens vegvesen Region vest, postboks 43, 6861 Leikanger, eller
  • på e-post

Utviklingskomiteen i Odda skal behandla den del av reguleringsplanen som ligg i Odda kommune i møte 2. mai.

Aktuelt for fylke: Vestfold og Telemark, Vestland