Fire entreprenørar er kvalifisert for konkurranse om å bygge ny Røldalstunnel
Statens vegvesen har kvalifisert fire aktørar til konkurransen om å bygge ny Røldalstunnel på E134 mellom Røldal og Seljestad.
Dei fire leverandørane som er kvalifiserte til å levere tilbod er:
- AF Gruppen Norge AS
- Hæhre Entreprenør AS
- JV Røldalstunnelen Metrostav Norge AS og Bertelsen & Garpestad AS
- JV Leonhard Nilsen & Sønner AS og Obrascòn Huarte Lain, S.A.
Ut av dei seks entreprenørane som innleiande ønska å delta i konkurransen har ein aktør blitt avvist og ein aktør trekte interessa for deltaking i anbodskonkurransen. Det var den Italienske entreprenøren Itinera som blei avvist grunna kjennelse i Oslo tingrett der Vegvesenet fekk medhald i saka. JV Implenia Norge as og TT Anlegg as har trekt seg frå konkurransen.
Dei kvalifiserte entreprenørane har tida fram til 31. januar på å levere endeleg tilbod på kontrakten, og det vil bli tildeling av entreprise og kontraktinngåing i mars. Prosjektleiar Frode Lykkebø i Statens vegvesen er svært nøgd med interessa som blir vist prosjektet, og ser fram til prosessen fram mot val av entreprenør.
– Det er utruleg kjekt at vi får ha med oss fire solide aktørar inn i anbodskonkurransen. Dei har alle god erfaring og kompetanse til å kunne utføre utbygginga, og det legg grunnlaget for ein spanande prosess fram mot tildeling av hovudentreprisen.
Vidare forhandlingar og tildeling av entreprise
Prosjektet er lyst ut som totalentreprise, og omfattar prosjektering og bygging av eitløps-tunnel med tilknyting mellom Seljestad og Røldal. E134 er eit av hovudsambanda mellom aust og vest, og den nye tunnelen vil gi tryggare veg og kortare køyretid. Kontrakten har ein verdi på 2,5 milliardar ekskl. mva og omfattar:
- 1,7 km ny veg i dagen på Liamyrane ved Røldal.
- 1,2 km ny veg i dagen på Seljestad, samt gang- og sykkelveg på ca. 0,7 km
- Ny tunnel mellom Liamyrane og Seljestad på om lag 12,4 km.
- Diverse konstruksjonar i tilknyting til veganlegget.
– Det blir spanande å få starte opp forhandlingane nå fram mot jul. Spesielt spanande blir det å sjå korleis dei ulike tilbydarane stiller seg til kravet om bruk av elektriske maskinar i drifta, utdjupar Lykkebø.
Etter overordna mål om å streve etter utsleppsfrie anleggsplassar er ei av føringane i prosjektbeskrivinga at entreprenøren skal ta i bruk ein betydeleg mengde elektriske maskinar i drifta. Med god tilgang på utbygd kraftnett i nærleiken er tilhøva gode for elektrisk anleggsdrift.
God framdrift i arbeidet med førebuande entreprise
Det førebuande arbeidet som blir utført av Bdr. Flatebø AS består av etablering av ny bru over elva på Seljestad. Her skal det etter kvart bli etablert nytt parkeringsanlegg sør for elva på Seljestad, saman med nytt drikkevassanlegg.
Denne veka blei arbeidet med støyp av nytt brudekke gjennomført. Store mannskapar stod på onsdag i sving for å fylle forskalinga med 100 m3 betong, og med etableringa av brudekket har ein nå bunde saman dei to sidene av elva på Seljestad. Neste steg i arbeidet er ferdigstilling av vassforsyning, før det vil bli gjort avsluttande betongarbeid.