På E134 Røldal–Seljestad jobbar dei no for fullt for å få kontraktane ut i marknaden. Prosjektet siktar mot byggestart våren 2025.

– Vi er veldig glade for å ha fått tilsegn om finansiering frå departementet. No jobbar vi for fullt med å få ferdig konkurransegrunnlaget, og målet er å lyse ut den 12,4 km lange tunnelen på vestsida av Haukelifjell før sommarferien, seier prosjektleiar Susanne Svardal.

Departementet føreslår ei kostnadsramme på 4,9 milliardar kroner med statlege midlar og bompengar for fjellovergangen i Sør-Norge. 

Totalentreprise

Prosjektet vil lyse ut totalentreprise med forhandlingar, og målet er å kome fram til signering med vald entreprenør utpå seinvinteren 2025.

– Målet er å få anleggsstart på E134 Røldal–Seljestad våren 2025, seier prosjektleiar Susanne Svardal.

Ho var sist veke på tilbodssynfaring på Seljestad, med ein førebuande entreprise som alt er ute i marknaden. Ein mindre bru på plassen skal rivast, og ein 15,5 meter lang spennarmert betongbru skal byggast for å gje tilgang til riggområde.

Prosjektleiar for E134 Røldal–Seljestad, Susanne Svardal, var i førre veke på tilbodssynfaring på Seljestad, saman med Hogne Høyseter i COWI, konsulent for Ullensvang kommune.
Prosjektleiar for E134 Røldal–Seljestad, Susanne Svardal, var i førre veke på tilbodssynfaring på Seljestad, saman med Hogne Høyseter i COWI, konsulent for Ullensvang kommune. Foto: Frode Lykkebø/Statens vegvesen

Fakta E134 Haukelifjell:

Vegprosjektet E134 Røldal–Seljestad vil løyse utfordringar med framkomsten på vestsida av Haukelifjell. Ny E134 skal gå inn i tunnel ved Hesjabakk på Seljestad, og tunnelen munnar ut 12,4 km lenger aust, ved Liamyrane aust for Røldal. Den nye tunnelen får trafikken bort frå eldre og tronge tunnelar, og lange parti med bratt og svingete vegtrase der særleg tungtrafikken har store problem på vinterstid. Ny vegtrasé kortar ned E134 med ca. 6 km og gir Haukelivegen jamn, slak stigning på vestsida.

Aktuelt for fylke: Vestland, Ullensvang