Her kan du lesa meir om reguleringsendringane i Bergen kommune for områda Romslo/Naustvika og Trengereid/Rødberg.

Endringane gjeld i hovudsak midlertidig arealbruk i anleggsperioden, men også nokre endringar for permanent løysing. Det vert vist til planomtalen for samla omtale, men i korte trekk er endringane presentert her:

Kart som viser Oversikt over reguleringsendringar i Bergen kommune.
Oversikt over reguleringsendringar i Bergen kommune Illustrasjon: Cowi

Romslo/Naustvika

Frå dagens vekt- og kontrollplass ved Romslo skal det etablerast eit midlertidig anleggstverrslag for å kunne drive veg- og jernbanetunnel mellom Arna og Trengereid. Gjennom ein transporttunnel vil større deler av tunnelmassen førast ut til sjødeponi som er godkjent av Statsforvaltaren .

I opprinneleg vedtatt plan var løysinga basert på nedføring til sjødeponi frå store, flytande kaianlegg. Bakgrunnen for reguleringsendring er at dette no i staden skal skje via ein fjellhall med ei skråstilt fjellsjakt ut til deponiet i fjorden. Flytting av denne aktiviteten inn i fjell vil redusere ulemper for omgjevnadene. Med den nye løysinga må sjødeponiet flyttast 1,3 km mot aust, til Naustvika. Det betyr då også endra trasé for transporttunnelen som tidlegare gjekk ut til kaianlegg ved Romslo.

Ny trasé ned til fjellhallen ved Naustvika kryssar under Romslotunnelen og eksisterande jernbanetunnel. For flytting av sjødeponi er det gjennomført konsekvensutgreiing etter plan- og bygningslova §4-2. Det er her også avklara ein vidare prosess ift. revidert søknad til Statsforvaltaren.

I reguleringsendringa vert også opna for å etablere ei midlertidig rundkøyring som tilkomst til Romslo/Romslovegen i anleggsfasen. Denne ligg nær Romslotunnelen, og kjem i tillegg til at det vert etablert eit midlertidig kryss ved riggområdet/anleggstverrslaget nær dagens vekt- og kontrollplass. Eksisterande busshaldeplassar vert oppretthalde.

Illustrasjon som viser  tilkomst til Romslo/Romslovegen i anleggsperioden.Det vert det regulert for å kunne etablere midlertidig rundkøyring nær Romslotunnelen.
For tilkomst til Romslo/Romslovegen i anleggsperioden vert det regulert for å kunne etablere midlertidig rundkøyring nær Romslotunnelen. Illustrasjon: Cowi

Trengereid/Rødberg

Trengereid er eit svært krevjande anleggsområde for Fellesprosjektet Arna-Stanghelle (FAS). Omfattande ombygging av dagens kryssområde, tunneldriving/massetransport, og mangel på areal, gjer at det i lengre periodar vil vere nødvendig å stenge Trengereidsvingane for ordinær biltrafikk. Her vil FAS likevel oppretthalde gang- og sykkeltilkomst til busslommer ved E16 med ein midlertidig gang-og sykkelveg adskilt frå anleggstrafikken.

Når anlegget er ferdig vil det bli etablert permanent fortau. For å sikre ein trygg, god og stabil tilkomst til Trengereid i anleggsfasen vert det regulert eit midlertidig kryss med rundkøyring ved Rødberg (Vaksdal kommune).

Illustrasjon som syner  trygg og stabil tilkomst til Trengereid gjennom heile anleggsperioden med eit midlertidig kryss med rundkøyring på Rødberg.
For trygg og stabil tilkomst til Trengereid gjennom heile anleggsperioden vert det etablert eit midlertidig kryss med rundkøyring på Rødberg (Vaksdal). Illustrasjon: Cowi

Blant øvrige reguleringsendringar på Trengereid er ein korridor langs elva ned til Sørfjorden for å kunne etablere ein midlertidig utsleppsledning. Aust for kryssområdet på Trengereid er det i samband med skredsikringstiltak behov for auka areal opp mot Daurmålshaugen. Her, og vidare oppover Trengereiddalen er det også sikra auka areal til midlertidig omlegging av fiber- og høgspentkablar i anleggsfasen.

Når det gjeld endringar i permanent arealbruk er den planlagte gang- og sykkelvegen i Trengereiddalen no plassert langs fv.49 i staden for på austsida av dalen som i opprinneleg plan. Dette for å unngå unødig grunnerverv, store offentlege restareal, og krevjande drift- og vedlikehald. Rundt kryssområdet på Trengereid er det på tre stader også gjort mindre utviding av formålet «annen veggrunn» i samband med løysingar for bekkelukking.

Illustrasjon som syner Permanent gang- og sykkelveg i Trengereiddalen plassert langs fv.49 og det nye forbikøyringsfeltet. I opprinneleg plan låg gang- og sykkelvegen på austsida av dalen.
Permanent gang- og sykkelveg i Trengereiddalen vert no plassert langs fv.49 og det nye forbikøyringsfeltet. I opprinneleg plan låg gang- og sykkelvegen på austsida av dalen. Illustrasjon: Cowi

Endring av reguleringsplan