Her kan du lesa meir om reguleringsendringane i Vaksdal for områda Langhelleneset, Fossmark/Gamle Fossen, Rødberg, Vaksdal, Dalehagen og Furnestreet.

Endringane gjeld i hovudsak midlertidig arealbruk i anleggsperioden, men også nokre endringar for permanent løysing. Det vert vist til planomtalen for samla omtale, men i korte trekk er endringane presentert her:

Kart som syner oversikt over reguleringsendringar i Vaksdal kommune.
Kart som syner oversikt over reguleringsendringar i Vaksdal kommune. Illustrasjon: Cowi

Langhelleneset

Ved Langhelleneset skal det etablerast eit riggområde ved E16 og eit midlertidig anleggstverrslag for å kunne drive veg- og jernbanetunnel mellom Trengereid og Vaksdal/Tolåsen. Gjennom ein transporttunnel vil større deler av tunnelmassen førast ut til sjødeponi som er godkjent av Statsforvaltaren. I opprinneleg vedtatt plan var løysinga basert på nedføring til sjødeponi frå store, flytande kaianlegg. Bakgrunnen for reguleringsendring er at dette no i staden skal skje via ein fjellhall med ei skråstilt fjellsjakt ut til deponiet i fjorden. Flytting av denne aktiviteten inn i fjell vil redusere ulemper for omgjevnadene.

Den nye løysinga krev endring av trasé for midlertidig adkomst- og transporttunnel. Transporttunnelen kryssar no over eksisterande jernbanetunnel. Utsprenging av riggområde ved E16 ligg tett oppunder den kommunale Langhellevegen. For å unngå utrasing av murar er det regulert slik at nedre del av Langhellevegen først kan flyttast noko austover inn på fjellgrunn. I den grad dagens murar ikkje vert øydelagt kan deler av dagens veggrunn då bli møteplass.

Illustrasjon som syner ny løysing Langhelleneset
Illustrasjon ny løysing Langhelleneset. Illustrasjon: Cowi

Fossmark/Gamle Fossen

Med innføring av sjaktløysing er Gamle Fossen valt som lokalitet for sjødeponi. Her er det behov for mindre justering av regulert område mellom E16 og sjøen. Som i opprinneleg plan ligg midlertidig riggområde ved Fossmark, men området vert trekt noko lenger mot sør. Mellom Fossmark og Gamle Fossen omfattar reguleringsendringa ny trasé for adkomst- og transporttunnel. Inkludert i omreguleringa er også Fossneset som ligg vesentleg nærare Gamle Fossen. FAS vurderer i vidare arbeid om Fossneset heilt eller delvis kan erstatte riggområde på Fossmark.

Rødberg

For å sikre ein trygg, god og stabil tilkomst til Trengereid i anleggsfasen vert det ved Rødberg regulert eit midlertidig kryss med rundkøyring. Trengereid er eit svært krevjande anleggsområde for Fellesprosjektet Arna-Stanghelle (FAS). Omfattande ombygging av dagens kryssområde, tunneldriving/massetransport, og mangel på areal, gjer at det i lengre periodar vil vere nødvendig å stenge Trengereidsvingane for ordinær biltrafikk.

Illustrasjon som syner trygg og stabil tilkomst til Trengereid gjennom heile anleggsperioden ved eit midlertidig kryss med rundkøyring på Rødberg.
For trygg og stabil tilkomst til Trengereid gjennom heile anleggsperioden vert det etablert eit midlertidig kryss med rundkøyring på Rødberg. Illustrasjon: Cowi

Vaksdal

På Vaksdal vert det gjort ein del mindre reguleringsendringar, mellom anna for å unngå unødig erverv av privat hageareal. Permanent erverv til offentleg veggrunn er her erstatta med midlertidig formål slik at FAS har heimel til å grave opp for røyr/leidningar/kummar, men der arealet etterpå vert reetablert som privat hageareal. Mellom ny jernbane og idrettsplassen er det justert på formålsgrenser slik at Vaksdal kommune (med dispensasjon) kan etablere løpebanar.

Dalehagen

Ved Dalehagen er regulert deponi utvida noko mot sør for å få plass til nødvendig skredsikring.

Furnestreet

Ved Furnestreet, aust for Dalseidtunnelen, skal det regulerast og byggjast ny permanent vekt- og kontrollplass. Denne vil erstatte dagens vektplass ved Romslo som må avviklast i samband med anleggsgjennomføringa. Ny løysing ved Furnestreet vil bruke dagens T-kryss som vert felles med eksisterande rasteplass. Tilkomst til naustområda vil gå via den nye vektplassen. Aust i planområdet, langs elva, er det regulert for skredsikringstiltak (voll).

 

Endring av reguleringsplan