Onsdag 11. september kunngjorde finansminister Vedum og samferdsleminister Nygård at Fellesprosjektet får midlar i forslaget til neste års statsbudsjett.

Bildet viser Samferdsleminister Jon-Ivar Nygård og finansminister Trygve Slagsvold Vedum på veg inn til pressekonferanse på Arna stasjon 11. september 2024.
Samferdsleminister Jon-Ivar Nygård og finansminister Trygve Slagsvold Vedum på veg inn til pressekonferanse på Arna stasjon 11. september 2024. Foto: Ingvild Eikeland/Bane NOR

Dette kan bane veg for utlysinga av den første anleggskontrakten, og prosjektstart for Norges største tunnelprosjekt blir i 2025. Regjeringa legger fram forslag til statsbudsjett i oktober, og budsjettet vert handsama i Stortinget i desember.

Berg- og skredsikringsentreprise først ut

Fellesprosjektet planlegg å starte arbeida for både vegen og jernbana mellom Trengereid og Vaksdal, som er den delen strekninga som er mest utsett for ras. Det er kontrakt for berg- og skredsikring av anleggsområda som kan verte lyst ut først. Prosjektet reknar med at det går om lag seks månader å lysa ut denne kontrakten og få på plass entreprenør. Kontrakten er naudsynt for å sikre områda langs traseen der det skal gå føre seg anleggsarbeid.

Dette skal vi bygge

Prosjektet er eit fellesskap mellom Bane NOR og Statens vegvesen der veg og bane vert bygt ut samtidig, frå Arna utanfor Bergen, til Stanghelle i Vaksdal kommune. På grunn av den vestlandske topografien med bratte fjell og djupe fjordar, skal traseen i all hovudsak verte lagt i tunnel.

Ny E16 vert bygt som firefelts veg frå Arna til Trengereid, og vidare mot Stanghelle som tofelts veg. Jernbana vert bygd som dobbeltspora tunnel mellom Arna stasjon til ny stasjon på Vaksdal, og vidare til ny stasjon på Stanghelle. Nesten 80 kilometer med tunnelar skal byggast i det som er landets største tunnelprosjekt gjennom tidene. Byggetida er forventa å vere om lag 12 til 14 år.

Video av regulert løysing for Fellesprosjektet Arna-Stanghelle

Slik skal ny veg og bane mellom Arna og Stanghelle bli. Video: RedAnt .

Slik blir ny E16

  • Vegen går i ny trasé
  • Talet på tunnelar blir redusert frå 18 i dag til tre lengre tunnelar på 9-10 km.
  •  Det blir korte dagsoner på Helle, Vaksdal, Trengereid og i Arnadalen.
  •  Berrfjelltunnelen mellom Helle og Vaksdal, og Raudnipatunnelen mellom Vaksdal og Trengereid, blir bygd med eitt tunnelløp med tovegs trafikk.
  •  Tunesfjelltunnelen mellom Trengereid og Arna blir bygd som firefelts veg med to tunnelløp. Kryssløysingar i fjell blir nytta foravkøyring til Vaksdal og Trengereid.

Slik blir den nye jernbana

  • Jernbana vert bygd med dobbeltspor og hastigheit opp mot 200 km/t, og får to tunnelar.
  • Vaksdalstunnelen mellom Stanghelle og Vaksdal på ca. 8 km, og Arnatunnelen mellom Vaksdal og Arna på ca. 19 km.
  • Det blir etablert nye jernbanestasjonar på Stanghelle og Vaksdal, og bana skal kople seg på eksisterande Arna stasjon.
  • Den nye jernbana blir lagt utanom noverande trasé, og vil berre grense til eksisterande trasé ved påkopling på Stanghelle og Arna stasjon.

Felles tunnelar for rømming

Prosjektet har utvika eit nytt rømingssystem med tversgåande tunnelar mellom jernbanetunnelen og vegtunnelen på strekningane der disse er parallelle, slik at man kan rømme mellom dei i ein nødssituasjon. Det er dermed ikkje behov for å bygge eigne rømmingstunnelar til evakuering.

Massedeponi i Sørfjorden

Prosjektet skal i hovudsak deponere massar i sjø. Statsforvaltaren i Vestland har godkjent tre deponi i Sørfjorden, eitt for kvar tunnelstrekning. Deponia vil liggje attmed land der fjorden er brådjup. Høgaste fyllingshøgd er 50 meter under fjordoverflata. Massane vert deponert i sjø via sjakter inni fjellet. På denne måten unngår ein mykje massetransport på veg, og minimerer støy og støv.

Kontaktperson:

Katrine Sælensminde Erstad
Prosjektsjef Fellesprosjektet Arna-Stanghelle
Mobil: 416 80 912

Aktuelt for fylke: Vestland