Digitale folkemøte – sett av dato
Denne veka er det blitt arrangert to digitale folkemøter. Opptak av begge møta 25.08.21 og 26.08.21 finn du under.
I møta får du nærare informasjon om prosjektet, og det blir mogleg å stille spørsmål skriftleg i chat til prosjektleiar og fagpersonar. Møta blir også annonsert som arrangement på Facebooksida Statens vegvesen Vest. Meld gjerne di interesse her.
Folkemøte I - se opptak
Folkemøtet 25. august kl. 19.30–21.00, vil ha mest fokus på Bergen kommune.
Klikk her for å sjå opptak av møtet
Folkemøte II, 26.08.21
Folkemøtet 26. august kl. 19.30–21.00, vil ha mest fokus på Vaksdal kommune.
Klikk her for å sjå opptak av møtet
Folkemøte III
7. september kl. 19.30–21.00, Om handtering av massar og sjødeponi.
Dette møtet handlar om det arbeid og dei undersøkingar som er utført i samband med søknad om sjødeponi, som ligg til handsaming hos Statsforvaltaren i Vestland fylke.
Klikk her for å delta på møtet
Avtale om ein uformell samtale
Er du nabo, grunneigarar eller på annan måte blir påverka av prosjektet, så kan du avtale tid for å snakke med ein av våre planleggjarar.
På grunn av koronarestriksjonar vil desse møta blir per telefon eller på video (Teams).
For å avtale tid, send e-post til:
Kartfortelling gir deg enkel oversikt
Det er laga ei kartforteljing, som med tekst, video, kart og bilete fortel om dette store prosjektet og gir deg eit overblikk.