Fellesprosjektet Arna-Stanghelle inviterer til informasjonsmøte
Første veka i desember blir det informasjonsmøte på Vaksdal, Trengereid og Stanghelle. Prosjektet vil informere om arbeida, og presentere framdriftsplan.
Målgruppa for møta er naboar, grunneigarar og andre interessentar.
Sjå presentasjonane frå møta her
Tid og stad:
- 3. desember, samfunnshuset på Vaksdal kl. 1800–1930
- 4. desember, forsamlingshuset på Trengereid kl. 1800–1930
- 5. desember, gymsalen på Stanghelle skule kl. 1800–1930
På møta vil prosjektet informere om
- Oppstart av førebuande arbeid i Vaksdal kommune i 2025. Blant arbeida som skal gå føre seg er arbeid med berg- og skredsikring av anleggsområda på Helle, Stanghelle og Vaksdal.
- Planlagd oppstart av arbeid på Trengereid og ved områda til dei tre planlagde sjødeponia i 2026.
Det blir og høve til å stille spørsmål til prosjektleiinga.
Velkomen!