Artikkelen er over eitt år gammal, og innhaldet kan vere utdatert.

Statens vegvesen og Bane NOR forslår til endringar av reguleringsplanen. Høyringa har frist 28. januar 2024.

Endringane gjeld i hovudsak midlertidig arealbruk i anleggsperioden. Det gjeld
m.a anleggstverrslaga ved Romslo, Langhelleneset, og Fossmark/Gamle Fossen. Plandokumenta er tilgjengelig via denne lenka. 

Nye løysingar for nedføring av steinmassar i fjell vil erstatte opprinneleg plan med
flytande kaianlegg. På Trengereid og Rødberg må FAS m.a sikre trygg og stabil
tilkomst til Trengereid i heile anleggsperioden. I Samnanger kommune vert regulert
eit midlertidig riggareal ved Gullbotn.

Sjødeponiet ved Romslo blir flytta 1,3 km austover til ny lokalitet i Naustvika. Her
er det gjennomført konsekvensutgreiing etter plan- og bygningslova §4-2. På
Trengereid er planlagt gang- og sykkelveg i Trengereiddalen flytta nærare fv. 49.
I Vaksdal kommune vert det regulert ny permanent vekt- og kontrollplass ved
Furnestreet. Her er det også nokre mindre planendringar på Vaksdal.

Send inn merknader til planforslaget

Grunneigarar og andre interessentar kan sende inn skriftlege merknader til
planforslaget innan 28. januar 2024. Merknader sendast per post eller epost
til Fellesprosjektet Arna-Stanghelle (FAS), og må merkast med referanse
«FAS 23/115855».

Postadresse: Statens vegvesen v/Olav Lofthus,
Postboks 1010 NordreÅl
2605 Lillehammer.

Epost:  (merkast med «FAS 23/115855» i Emne-felt)

Spørsmål kan rettast til


Alle innsende merknader vert oppsummert og vil følgje plansaka vidare til politisk
handsaming.

Oversiktskart som syneer områda Statens vegvesen og Bane NOR søker å regulera om i samband med Fellesprosjektet Arna-Stanghelle (FAS).
Oversiktskart som syneer områda Statens vegvesen og Bane NOR søker å regulera om i samband med Fellesprosjektet Arna-Stanghelle (FAS).