Artikkelen er frå 2019, og innhaldet kan vere utdatert.

I samarbeid med Vaksdal kommune arrangerte fellesprosjektet Arna-Stanghelle nyleg opne informasjonsmøte på Stanghelle og Vaksdal. Begge stader var det kring hundre interesserte som møtte fram.

Føremålet med møta var å informere om status i prosjektet, svare på spørsmål og få innspel frå publikum.

Start på arbeidet med statleg reguleringsplan

Prosjektet hadde eit tilsvarande møte i mai i fjor, og i samband med høyringa til planprogrammet. 

Prosessen med å godkjenne programmet går sin gong, og parallelt har ein no engasjert konsulentar til å utforme den statlege reguleringsplanen.

-Arbeidet med reguleringsplanen er omfattande, og meir enn 30 fagområde vil vere involvert hos konsulenten. Det komande året vil gå med til å utarbeide reguleringsplanen og målet er å ha planen  klar til høyring til midten av 2020, seier Gunnar Søderholm som er prosjektleiar i Statens vegvesen.
 

Uroa for støy

Både på Stanghelle og Vaksdal kom det spørsmål om støy i byggefasen og når alt står ferdig. Prosjektleiinga ga lovnader om grundig utgreiing om temaet i reguleringsplanfasen.

-Det blir gjennomført støy-, strukturlyd- og vibrasjonsberekningar for dagsonene til veg og bane, med tilråding til støyreduserande tiltak der det er naudsynt, sa dei.

Illustrasjonar og 3D-modell


Fleire var interessert i korleis konstruksjonane vil sjå ut i landskapet og etterlyste illustrasjonar av dette. Illustrasjonar vil kome etterkvart og ein kan truleg få utarbeidd ein 3D-modell mot slutten av dette året. Ein vil då invitere til nye folkemøte. 

 

Her er presentasjonen som blei heldt på folkemøta.

 

Folkemøte på  Stanghelle


Folkemøte på Vaksdal

Aktuelt for fylke: Vestland