No er kontrakten signert.
E16 og Vossebanen Arna-Stanghelle er eit samarbeidsprosjekt mellom Statens vegvesen og Bane NOR, og som kjent fekk Rambøll – Sweco ANS kontraktstilbodet på arbeid med reguleringplanen før jul.
Startar med god samhandling
-Vi er no kome eit viktig steg vidare i arbeidet med ny veg og bane mellom Arna og Stanghelle. I dag er vi i gong med samhandlingsmøte mellom oss, BaneNOR og konsulenten for å førebu starten for dei. Det er mykje som skal klargjerast og no handlar det om å få på plass gode rutinar for dataflyt og samhandling med fellesprosjektet, seier Gunnar Søderholm, som er prosjektleiar frå Statens vegvesen.
Tru på suksess
Dei to divisjonsdirektørane frå Sweco og Rambøll seier at prosjektet er viktig for selskapet Rambøll-Sveco ANS.
- Dette er eit prosjekt over lengre tid, og vil heilt klart utvikle oss som selskap. I tillegg er vi med på å bygge eit viktig samfunnsprosjekt på vestlandet, seier John Harald Amundsen, som er divisjonsdirektør i Rambøll.
-Vi gleder oss til å ta i bruk kompetansen vår til å løyse utfordringane som er på denne rasutsette strekninga i Vaksdal kommune, seier Tor Helge Indrebø, som er divisjonsdirektør på infrastruktur i Sweco.
Dei har stor tru på at med bruk av utradisjonell metodikk og eit høgt fokus på god samhandling mellom alle i prosjektet, så skal prosjektet bli ein samfunnsmessig suksess.