Artikkelen er frå 2020, og innhaldet kan vere utdatert.

Kommunal – og Moderniseringsdepartementet har no fastsett planprogrammet for prosjektet. Det inneber at forslag til reguleringsplan for strekninga kan gå til vidare behandling.

Kommunal – og Moderniseringsdepartementet (KMD) opplyser i eit brev 9. november til Statens vegvesen om at Samferdselsdepartementet har fastsett planprogrammet for prosjektet E16 og Vossebanen Arna-Stanghelle.

Forslag til planprogram og silingsrapport var på høyring og offentleg ettersyn i perioden 27. april - 6. juli 2018. Det kom inn 68 høyringsuttale i høyringsperioden. Statens Vegvesen har vurdert innspela, og meldt inn behov for mindre endringar i etterkant av høyringsperioden. KMD sluttar seg til Vegvesenet sine vurderingar, og ser ikkje behov for ytterlegare endringar i planprogrammet. 

Planprogrammet og silingsrapport finn du i venstremenyen under "Planar og dokument".

Mengda overskotsmassar er ein utfordring

Departementet deler Vegvesenet sitt syn på at mengda overskotsmassar er ei utfordring, og ser positivt på Vegvesenet sin omtale av korleis ein skal arbeide med handteringa. Departementet legg til grunn at det arbeidet med handtering av overskotsmassar skjer i tett samarbeid med aktuelle statlege sektormyndigheiter og kommunar. Prosjektet vil generere om lag 11 millionar m3 med massar. 

Forslag til reguleringsplan vert oversendt

– No som departementet har fastsett planprogrammet, inneber det at forslag til reguleringsplan kan sendast til departementet for vidare behandling, seier Gunnar Søderholm, prosjektleiar i Statens Vegvesen.

Oversending av forslag til reguleringsplan er ei viktig milestolpe med omsyn til vidare prosessar opp mot neste Nasjonal transportplan (NTP). I Statens Vegvesen sitt innspel til NTP er strekninga satt opp som eit prioritert prosjekt. Med godkjent reguleringsplan medio 2021, prioritering av prosjektet i NTP 2022-33 og nødvendige løyvingar, er det mogleg med byggestart i 2024. 

Arbeidet er i regi av statleg plan, og det er Kommunal - og Moderniseringsdepartementet som er planmynde i saka.

 

Aktuelt for fylke: Vestland