Reguleringsplan for E16 og Vossebanen Arna–Stanghelle på høyring
Reguleringsplan for strekninga E16 og Vossebanen Arna–Stanghelle er no lagt ut til offentleg ettersyn. Frist for merknadar er sett til 17.09.2021.
Det er Kommunal- og moderniseringsdepartementet som er planmynde og har godkjend at planen kan leggjast ut på høyring.
Prosjektet er eit samarbeidsprosjekt mellom Bane NOR og Statens vegvesen der målet er tryggare og raskare veg og bane på strekninga. Prosjektet ligg inne i Nasjonal transportplan for perioden 2022–2033.
Når Arna–Stanghelle blir ferdig utbygd vil reisetida bli redusert frå 28 til 14 minutt på jernbanen og frå 30 til 23 minutt på veg. I tillegg aukar transportkapasiteten og ikkje minst sikkerheita.
Med godkjent reguleringsplan hausten 2021 er det mogleg med byggestart i 2024.
Planforslag og rapportar
Planforslaget med tilhøyrande dokument er lagt ut til offentleg ettersyn i perioden 01.07.2021–17.09.2021.
Papirutgåve
Plankart i målestokk 1:2000 med føresegner og planomtale kan sjåast på i papirutgåve ved å ta kontakt med resepsjonen her fra og med uke 28:
- Innbyggjarservice, Bergen kommune, Kaigaten 4
- Innbyggjarservice, Vaksdal rådhus, Dale.
Partar som prosjektet vil ha direkte følgjer for og offentlege samarbeidspartnarar vil få brev.
Digitale folkemøte – sett av dato
Det blir arrangert tre digitale folkemøte der du får informasjon om prosjektet og det blir mogleg å stille spørsmål skriftleg i chat til prosjektleiar og fagpersonar.
Lenker til møta blir publisert her på nettsida når det nærmar seg. Møta vil også bli annonsert på Facebooksida Statens vegvesen Vest
Folkemøte I
Folkemøtet 25. august kl. 19.30–21.00, vil ha mest fokus på Bergen kommune.
Folkemøte II
Folkemøtet 26. august kl. 19.30–21.00, vil ha mest fokus på Vaksdal kommune.
Folkemøte III - Om handtering av massar og sjødeponi
Folkemøte 7. september kl. 19.30–21.00, omhandlar det arbeid og dei undersøkingar som er utført i samband med søknad om sjødeponi som ligg til handsaming hos Statsforvaltaren i Vestland fylke.
Avtale om ein uformell samtale.
Er du nabo, grunneigarar eller på annan måte blir påverka av prosjektet, så kan du avtale tid for å snakke med ein av våre planleggjarar.
På grunn av koronarestriksjonar vil disse møta blir per telefon eller på video (Teams).
For å avtale tid, send e-post til:
Merknader
Merknadar til reguleringsplanen sendast på e-post eller brev innan 17.09.2021.
Merk brevet eller e-posten: 20/857
- E-post:
- Brev: Statens vegvesen, Postboks 1010 Nordre Ål, 2605 Lillehammer
Kontakt
Spørsmål om planarbeidet kan rettast til;
Idar Reistad, planleggingsleiar Statens vegvesen
Telefon: 416 52 062
Gunnar Søderholm, prosjektleiar Statens vegvesen
Telefon: 952 59 709
Anne Laskemoen Herdlevær, prosjektsjef Bane NOR
Telefon: 926 47 455
I perioden 12.juli - 9. august er det fellesferie og førespurnader vil diverre ikkje bli besvart i den perioden.
Reguleringsplanen blir lagt ut til offentleg ettersyn i samsvar med Plan- og bygningslova § 1 2-1 0