Artikkelen er frå 2016, og innhaldet kan vere utdatert.

Då raset gjekk på E16 ved Bolstad tre dagar før, fekk sjølvsagt folkemøte i går enda høgare aktualitet.

Sjå framover

Likevel lar ikkje bygdefolket i Vaksdal kommune seg vippe av pinnen. Dei bur med rasfare kvar dag, og dei vel å sjå framover. Denne torsdagskvelden var dei klare for å høyre meir om kva vurderingar som er gjort så langt for å finne moglege og gode løysingar for veg og bane i kommunen sin. Eit fellesprosjekt mellom Statens vegvesen og Jernbaneverket.

I 2015 ga nemleg Regjeringa sin tilslutning om vidare utvikling av den rasutsette strekninga mellom Stanghelle og Arna.

Sparar mykje

Til tross for dei stadige rasa på E16 var det god stemning blant dei som møtte opp på folkemøte i går kveld. Det var ikkje tvil om at dei gler seg til å bu i tryggare omgjevnadar når nye transportløysingar mellom Arna og Stanghelle ein gong er på plass.

Regional strategidirektør i Jernbaneverket Lars Christian Stendal fortalde at planarbeidet vil bli innretta slik at byggestart kan vere mogleg kring 2021.
-Dette er eit samarbeid som skjer for første gong her på Vestlandet, og vi har gode erfaringar frå andre samarbeidsprosjekt i landet. No skal vi lære mykje og vi vil få ut ein del synergi av det heile. Vi sparar heile 11 milliardar med å bygge dette saman, seier han.

Stor vilje

Kjell Kvåle frå Statens vegvesen har lang erfaring i etaten og vore med på ein rekkje vegprosjekt i sin tid.

-Eg trur eg kan seie at eg fram til no ikkje har vore med på at Regjeringa har gitt så mykje midlar til eit prosjekt som dette. Det gir signaler om at det er ein felles oppfatning og vilje om at det hastar med å få på plass ein løysing som alle kan leve godt med i dette området, seier han. 

Kvåle og fungerande prosjektleiar Cecilie Bjørlykke frå Jernbaneverket fortalde forsamlinga om kva for effektar eit fellesprosjekt vil ha på den framtidige bane- og vegløysinga når det gjeld trafikktrygging, framkomst og reisetid. Frå Statens vegvesen stilte også Olav Lofthus som tok folket gjennom vurderingar som er gjort på strekninga Arna til Romslo.  

Detaljere hovudgrepa

No er prosjektgruppa i gong med eit forprosjekt med å detaljere K5-alternativet som skal danne grunnlaget for det vidare arbeidet med plan etter plan – og bygningsloven.

-Forprosjektet skal gjere oss i stand til å møte ambisjonen om effektiv fremdrift av planen, og bruk av statleg reguleringsplan slik bestillinga er gitt til etatane, seier Bjørlykke.

Gi for å få

På folkemøte denne kvelden stilte Ann Marit Mehus Lie som er bebuar på Dale. Ho er heilt innforstått med at for å få noko må ein gi frå seg noko.

-Eg er heilt sikker på at dei vil gjere det som er til det beste for kommunen til slut. Likevel er det fint at vi får uttrykke våre tankar her, så kan fagfolka ta dei avgjerslene  som er naudsynt. Det er bra at planane ikkje er «hogget i stein» enno. Godt å vite at det skal vere fleire møter slik at vi kan kome med fleire innspel undervegs, seier ho.

 Mona Mekki er pendlar mellom Bergen og Dale og ser fram til å føle seg tryggare når ho pendlar til jobb på Dale kvar dag.
-Planane så langt verkar utruleg spennande, og det handlar også om mykje meir enn berre veg og bane. Her er det ein heilhetstenking kring kva eit slikt konsept vil utløyse på mange område seier ho.

 

Aktuelt for fylke: Vestland