Første last med vegger til Sollihøgdtunnelen
Denne veka har første last med betong veggelement til Sollihøgdtunnelen vorte lossa ved Drammen hamn.
![betongveggar losses i DRammen hamn](/globalassets/vegprosjekter/utbygging/e16barum/bilder/veggsolli1.jpg?width=936&height=520&mode=crop)
Båten frå Sveio på Vestlandet hadde med seg i alt 605 stykk betongvegger til Tollbukaia i Drammen. Det utgjer omtrent ¼ av dei om lag 2600 betongveggene som skal kle dei to tunnelløpa i den 3,4 kilometer lange Sollihøgdtunnelen på E16 Bjørum-Skaret i Hole og Bærum.
![første av fire laster med betongvegger til DRammen](/globalassets/vegprosjekter/utbygging/e16barum/bilder/veggsolli3.jpg?width=768&mode=crop)
Fem tonn pr vegg
Første last med veggelement til prosjektet kom til Drammen i april og var for det meste ferdig montert i Bukkesteinshøgdtunnelen til sommarferien. Frakta av tunnelvegger frå Drammen til Sollihøgda vil gå føre seg med Ølens eigne spesialbilar, som kan ta fem veggelement a fem tonn på kvar tur.
![betongvegger losses i Drammen havn](/globalassets/vegprosjekter/utbygging/e16barum/bilder/veggsolli4.jpg?width=936&height=520&mode=crop)
520 turar
2600 betongvegger skulle dermed gi om lag 520 turar frå Drammen til Sollihøgda. E16 Bjørum-Skaret-prosjektet reknar med at monteringa av veggelementa i Sollihøgdtunnelen vil starta ein gong tidleg på nyåret 2024
![betongvegger til vegtunnel losses i DRammen](/globalassets/vegprosjekter/utbygging/e16barum/bilder/veggsolli2.jpg?width=768&mode=crop)