Artikkelen er frå 2019, og innhaldet kan vere utdatert.

Omlag 50 bebuarar stilte på folkemøte for høyre meir om Statens vegvesen sine forslag til framtidige vegløysingar på strekninga Arna-Vågsbotn-Klauvaneset.

-I desse dagar er forslag til planprogram lagt ut på høyring og vi startar arbeidet med kommunedelplan med konsekvensutgreiing på planprosjektet, seier planprosjektleiar Lilli Mjelde.

Bra med engasjement

Ho er glad for at det er et høgt engasjement og at bebuarar har sett seg godt inn i planforslaga.

-Vi ønskjer innspel og merknadar til planarbeidet. Det er viktig at politikarar veit kva folk meiner når dei til slutt skal vedta ein aktuell vegløysing i område, seier Mjelde.

Det var ikkje alle som likte det dei såg av strekar på kartet, og forsamlinga var eintydig rundt oppfatninga om at alternativa i Blindheimsdalen vil vere øydeleggande for bebuarar og landbruk på dei få gardane som er igjen der i dag.

Ein bebuar frå Hylkje var heller ikkje nøgd med tempoet i planlegginga. Ho har budd tett på E39 i fleire år, og var frustrert over støy og farleg veg.

Ting tek tid

-Vi skundar oss alt vi kan, men demokratiske og lovpålagte prosessar tar tid. No er merknadsfristen for planprogrammet 29. juli, og her kan alle komme med innspel. I slutten på 2019 blir endeleg planprogram vedtatt. Framlegg til kommunedelplan vil skje i midten på 2020, og her blir det lagt opp til medverknad med høyring, folkemøte og at folk kan gi innspel. Vi tek sikte på at vedtak av kommunedelplan skjer i årskiftet 2020/21. Bygginga vil ta fire til fem år og i utgangspunktet stå ferdig i 2031, seier Mjelde.

Olav Lofthus som er fagansvarleg for veg seier at det er plussar og minus med alle alternativa, og han uttrykkar forståing for at ein del i forsamlinga ikkje er positive.

-Vi kjem til å møte konfliktar uansett kor vi vel å bygge veg, men vi skal ta omsyn til mellom anna kostnad, bustadar, støy og jordbruk, seier Lofthus.

 

 

 

Aktuelt for fylke: Vestland