2,5 kilometer i Filefjelltunnelen
Framdrifta i Filefjelltunnelen på E16 går godt, og før helga passerte Hæhre Entreprenør 2,5 kilometer ferdig sprengt tunnel.
- Tunnelarbeidet går jamt og trutt, og steinkvaliteten er no betre på austsida, med kvartsitt og innslag av fylitt. Kvartsitten eignar seg betre til å bygge veg av, så me er glade for at det er mindre fyllitt for tida, seier prosjektleiar Odd Erik Haugen på E16 Filefjell.
Taklar vinteren
Han meiner Hæhre Entreprenør har rigga seg godt for å takle vinterforholda på Filefjell, og perioder med meir enn ti minusgrader har ikkje budd på større problem for vegbygginga. Aktiviteten er noko redusert no i dei hardaste vintermånadene, men tunneldrivinga går for fullt, og stein blir frakta ut og stabla opp på sidene av veglinja. 110 meter i veka er gjennomsnittleg inndrift no, og gjennomslag på den 5,8 kilometer lange tunnelen er venta ein gong mot slutten av året.
Ta ein titt inn i tunnelen her:
- Hæhre legg ut stein til underbygning på ny veg, og når vår og sommar kjem, vil steinmassene bli skyvd inn mot midten etter kvart som gamal E16 blir rivd opp. Så til sommaren vil trafikantane oppleve einfeltskøyring, lysregulering og midlertidige omleggingar gjennom anleggsområdet, seier Odd Erik Haugen.
God aktivitet
Ute i dagen er det aktivitet fleire stader langs vegtraseen, og fjellsprenging, graving og utplassering av masser har så langt vore lite hindra av snø og vind over fjellet. Eit stort steinlager er i ferd med å byggje seg opp på vestsida av delstrekninga, i Slutebakken, og arbeid pågår med eit par av bruene.
- Grøna bru er no riven, og Hæhre har starta på fundamentet til ny bru. På Løken bru er dei i gang med dekkestøyp, seier byggjeleiar Harald Stadheim på E16 Varpe bru - Smedalsosen.
-
Bilde 1 av 9: Massetransport frå Øvre Smedalsvatn. Noko av steinen blir frakta til lager ved Slutebakken. Foto: Ole Kristian Åset -
Bilde 2 av 9: På E16 Filefjell ved Kyrkjestølen stablar Hæhre Entreprenør opp store mengder stein. Når vår og sommar kjem vil massane bli brukt til å bygge ny veg over fjellet. Foto: Ole Kristian Åset -
Bilde 3 av 9: Jorda dampar i møtet med den kalde lufta på fjellet. Her er gravemaskinen i ferd med å rydde langs vegen vest for Grøna bru. Foto: Ole Kristian Åset -
Bilde 4 av 9: I Filefjelltunnelen går arbeidet jamt framover med 110 meter i veka i snitt. Gudmund Lunden er kontrollingeniør og held oppsyn med fjellkvalitet og sikringsbehov. Foto: Ole Kristian Åset -
Bilde 5 av 9: Hæhre Entreprenør sprenger og tek ut masse langs veglinja forbi Øvre Smedalsvatn. Foto: Ole Kristian Åset -
Bilde 6 av 9: Fylkesstøtta står kloss i anleggsområdet. Foto: Ole Kristian Åset -
Bilde 7 av 9: Bulldoser i arbeid på fylkesgrensa. Foto: Ole Kristian Åset -
Bilde 8 av 9: Ein sving ved Sluten skal rettast ut. Mykje stein er alt sprengt ut. Foto: Ole Kristian Åset -
Bilde 9 av 9: Lav sol og rim på fjellbjørkene gir fin vinterstemning langs E16 Filefjell. Foto: Ole Kristian Åset