Betre dekke på delar av strekninga
På E16 Filefjell er no delar av strekninga frå Smedalsosen og austover heva og svingar retta ut. Mykje av vegen har i dag grusdekke og gjenbruksasfalt, og ein ser store framskritt langs heile veglinja.
- Hæhre entreprenør har no knappe 1,2 kilometer igjen av tunneldrivinga, og dei fekk gjort mykje på vestsida av anlegget under dei tre vekene me stengte E16 i juni, seier byggjeleiar Harald Stadheim på strekninga Varpe Bru - Smedalsosen.
Ferietid
No er entreprenør i gang med å trappe ned for ferieavvikling, og frå onsdag 8. juli og to veker framover blir det stillstand i utandørs arbeid på Filefjell. Bilistane vil merke det ved mindre lysreguleringar og stort sett køyring på tofelts veg over fjellet. Men fartgrensa vil framleis vere sett ned til 50 og 70 km/t på grunn av grusveg og smale, omlagde og humpete parti.
Støyping
Førre veke var det støyping av dekke på Grøna Bru, vest for Kyrkjestølen, og utlegging av pukklag fleire plassar langs veglinja for å få vegen høgt nok i terrenget. Ein merkar godt at fleire strekningar av vegen byrjar å nærme seg ferdige frå vest.
På austsida er ein i ferd med å få opp dei høge fyllingane ved Tyinkrysset, og entreprenør er godt i gang med å forskale Køla bru, som vert støypt etter ferien.
Gradvis betre
- Under stenginga jobba Hæhre 24 timer i døgnet, og ein ser store framskritt, mellom anna på strekket forbi Darbuviki. Dei gjorde òg ein fantastisk jobb med å få hytteeigarane fram til eigedomane sine dei tre vekene stenginga varte, seier Stadheim.
Hæhre entreprenør har planar om å gjere ferdig 7 km av vegen frå vest og ein kilometer frå aust i løpet av året, så bilistane vil gradvis merke betre vegstandard over Filefjell.
-
Bilde 1 av 13: Aktiviteten på veganlegget E16 Filefjell har vore høg i juni og juli. Her er Hæhre Entreprenør i gang med dekkestøyp på Grøna Bru - ein jobb der det gjekk med 280 kubikk betong. Foto: Ole Kristian Åset -
Bilde 2 av 13: Vegvesenets betongkontrollør Momodou Jobarteh er på plass for å ta betongprøver og sjå korleis arbeidet går føre seg. Foto: Ole Kristian Åset -
Bilde 3 av 13: Stor støyp på Grøna Bru. Foto: Ole Kristian Åset -
Bilde 4 av 13: Ved Darbuviki og Slutesvingen vart ein solid innsats lagt ned under stenginga 1. - 19. juni. Her er vegbygginga kome svært langt, og ein flott natursteinsmur er lagt opp inntil skjeringa. Foto: Ole Kristian Åset -
Bilde 5 av 13: Fin støttemur i naturstein. Foto: Ole Kristian Åset -
Bilde 6 av 13: Darbuviki sett vestover. Foto: Ole Kristian Åset -
Bilde 7 av 13: Motorsyklistar på veg austover i Slutesvingen, med litt av det flotte hyttemiljøet på Filefjell i bakgrunnen. Foto: Ole Kristian Åset -
Bilde 8 av 13: Vegen får ny høgde slik at snø skal blåse vekk om vintrane. Foto: Ole Kristian Åset -
Bilde 9 av 13: Vegarbeid ved Smedalsvatna. Foto: Ole Kristian Åset -
Bilde 10 av 13: Bru og flott muring langs med Øvre Smedalsvatn. Foto: Ole Kristian Åset -
Bilde 11 av 13: Utsikt austover ved Øvre Smedalsvatn. Foto: Ole Kristian Åset -
Bilde 12 av 13: Utsikt mot aust ved Øvre Smedalsvatn. Foto: Ole Kristian Åset -
Bilde 13 av 13: Riktig dimensjonert grøfting og dreneringssystem er viktig for at den nye vegen skal vere lett å drifte. Foto: Ole Kristian Åset