Artikkelen er frå 2011, og innhaldet kan vere utdatert.

Den kalde vinteren har skapt utfordringar for bygginga av nye E16 mellom Eidsbru og Varpe, men arbeidet er i rute. Neste milepæl er juni. Då skal to av tre bruer stå ferdige.

Noko forsinka vart den største av dei tre bruene, Varpe bru, ferdig i haust. På bru nummer to er forskalinga på plass, men entreprenøren rakk ikkje starte på støypinga før kulden kom.

Djupdrenering
Det brå overgangen til mildvêr har vore utfordrande for vegbyggjarane. Med ekstremkulden har issvullane vakse seg store gjennom vinteren, men med høgare temperaturar smeltar dei. Fylgjene er mykje vatn som går andre vegar enn planlagt. For tida er difor drenering av vatn ei av hovudoppgåvene for prosjektet.

 - Det er veldig bratt sideterreng og fjell på denne strekninga, og frå fjellet kjem det vatn. Det har vore nødvendig med mykje djupdrenering, men det hadde vi rekna med, seier byggjeleiar Frank Harald Moen.

Målet med djupdreneringa er å fange opp vatnet som kjem frå fjellsida og leie det vekk frå vegkroppen slik at det ikkje lagar teleskader.

Få klager
Entreprenøren HAB Constructions har 15-16 maskiner og 22 mann i arbeid på strekninga, og etter jul har byggjeleiaren vore nøgd med framdrifta. Til no er det henta ut 95 prosent av fjellet. Trafikken på strekninga har gått tilnærma som normalt.

- Å avvikle trafikken samstundes som vi byggjer veg kan vere ei utfordring, men her har det stort sett gått greitt. Problema har vore størst når andre fjellovergangar er stengde og mykje tungtransport skal forbi, fortel Moen.

I uversperiodar er Filefjell ofte den einaste fjellovergangen mellom aust og vest som er open.
Kombinasjonen auka trafikk og vegarbeid har resultert i noko venting, men det har vore få klager.

- Innbyggjarane og grunneigarane på strekninga er glade for ein ny veg, og har vist velvilje under bygginga, seier Moen

Påsketrafikk
E16 mellom Eidsbru og Varpe er porten til vinterparadiset rundt Nystuen og Tyinkrysset, og i området ligg det hundrevis av hytter.

- Korleis vil det bli på strekninga når påsketrafikken startar?
- Sidan påska er så seint i år, rekk vegen å tine og tørke opp. Men nokre stader vil det vere ein mellombels veg der trafikkantane må køyre forsiktig, oppmodar Moen.

Utover sommaren vil trafikkantane merke at det er vegarbeid på strekninga. Då startar arbeidet med å grave ut gammal veg, og legge ny overbygning. Likevel vil det kun bli kortare stengingar, avsluttar byggjeleiaren.

Aktuelt for fylke: Innlandet, Vestland