Artikkelen er frå 2016, og innhaldet kan vere utdatert.

Kommunestyret i Vang vedtok 18. februar detaljreguleringsplanen for E16 mellom Turtnes og Øye.

Den vedtekne reguleringsplanen er straks bindande for framtidig arealbruk i området. Plankart, reguleringsføresegner og planomtala, samt saksframlegget med vedtak er lagt ut på Vang kommune sine heimesider.

Når reguleringsplanen no er vedteken, er det opp til politisk nivå å avgjere om opsjonsstrekninga fram til Turtnes skal gjennomførast som ei utviding av vegprosjektet E16 Øye - Eidsbru.

Aktuelt for fylke: Innlandet, Vestland