Startar dekkelegging i mai
Det har vore lite aktivitet på vegstrekninga mellom Eidsbru og Varpe dei siste månadane. Men snart vaknar anlegget av vinterdvalen.
Den nye vegen er omtrent ferdig, men manglar asfalt og oppmerking. I byrjinga av mai skal entreprenøren starte på sluttføringa av anlegget.
Mellombels dekke
- Om lag 5500 meter veg skal asfalterast og oppmerkast. I tillegg skal det gjerast nokre mindre tiltak, som tilpassing av sidevegar og bygging av støyskjerming og støvoll, seier Willy Stenbakk, byggjeleiar i Statens vegvesen.
Stenbakk tok over jobben som byggeleiar i midten av oktober. Gjennom vinteren har det kun vore utført vedlikehaldsarbeid på strekninga.
- I haust vart det lagt ned eit mellombels fast dekke av gjenbruksasfalt. Dette må haldast ved like for å unngå slagholer og oppsprekking, fortel han.
Etter planen skal legginga av permanent dekke starte i byrjinga av mai. Byggjeleiaren vonar anlegget vil stå ferdig innan fellesferien.