Om lag 200 personar var møtt fram til storfeiringa i Lærdal laurdag 30.august. Det starta med høgtideleg markering av ny E16-strekning, vidare til vandring på historisk veg med opning av fire restaurerte bruer og til slutt feiring av to jubileum – Grunnlova og Statens vegvesen.
Arrangementet starta ved den nye brøytestasjonen på Borlaug, der det var markering av at det no er sett trafikk på 9 km av totalt 11 km ny E16 mellom Borlaug – Smedalsosen. Dei siste to km av parsellen skal bli ferdig i løpet av hausten.
På Borlaug er det mellom anna er bygd ny rundkøyring, kolonnefelt og brøytestasjon. Her vart det intervju, helsingar og kulturelle innslag frå scena, før direktør i Vegdirektoratet Lars Aksnes kutta norgesbandet med ein snidel , ein tradisjonell reiskap frå Sogn.
Fotogalleriet gir ei oppsummering av arrangementet frå start til slutt.
Foto: Heidi Ravnestad
Bilde 1 av 33:
Direktør i vegdirektoratet, Lars Aksnes, kutta noregsbandet. Ved sidan av han står ordførar i Vang, Vidar Eldtun(t.h.) og ordførar i Lærdal Jan Geir Solheim. Foto: Heidi Ravnestad
Bilde 2 av 33:
Ordførar i Vang, Vidar Eldtun, er også leiar i Stamvegutvalet E16. Her vert han intervjua av Nils Magne Slinde, som leia markeringa ved Borlaug. Foto: Heidi Ravnestad
Bilde 3 av 33:
Direktør for prosjektavdelinga i Statens vegvesen Region vest, Kjartan Hove, fortalte om prosjektet. Foto: Heidi Ravnestad
Bilde 4 av 33:
«Eddi» er ein veteranbrøytebil frå 1929, og rydda i si tid vegane nettopp i Lærdal. Jon Lien har ansvar for å halde bilen i stand. Foto: Heidi Ravnestad
Bilde 5 av 33:
Markeringa av E16 Smedalsosen-Borlaug fann stad på plassen utanfor den nye brøytestasjonen som vi ser bak til venstre. Foto: Heidi Ravnestad
Bilde 6 av 33:
Foto: Heidi Ravnestad
Bilde 7 av 33:
Prosjektleiar i Mesta Entreprenør, Sigurd Storøy(t.v) og byggjeleiar i Vegvesenet, Sveinung Brude fortalde mellom anna om utfordringane dei hadde møtt på i byggeperioden. Foto: Heidi Ravnestad
Bilde 8 av 33:
Ei av dei eldste som var tilstades på markeringa var Sigrid Borlaug Haugen på 92 år. Sigrid bur framleis på staden ho er fødd og oppvaksen, huset hennar ligg rett ved den nye rundkøyringa på Borlaug. Foto: Jon Lien
Bilde 9 av 33:
Det lokale bandet Longhorn underheldt frå scena. Foto: Heidi Ravnestad
Bilde 10 av 33:
I standsmessig køyretøy og i tidsriktige hovudplagg vart ordførarane og Vegvesen-direktørane frakta mellom Borlaug og Honingane. Foto: Heidi Ravnestad
Bilde 11 av 33:
Kortesjen vart leia an av veteranbilar frå Lærdal. Foto: Heidi Ravnestad
Bilde 12 av 33:
Foto: Heidi Ravnestad
Bilde 13 av 33:
Foto: Heidi Ravnestad
Bilde 14 av 33:
Etter markeringa på Borlaug parkerte deltakarane bilane og spaserte til Honingane. her vart det opning av to nyrestaurerte bruer, og servering av kake og kaffi. Foto: Heidi Ravnestad
Bilde 15 av 33:
Tidlegare samferdsleminister Liv Signe Navarsete har mykje erfaring frå vegopningar. Denne gongen var det dei to nyrestaurerte bruene i Honingane ho fekk æra av å opne. Foto: Heidi Ravnestad
Bilde 16 av 33:
Kommunestyrerepresentant i Lærdal, Jan Olav Fretland, hadde eit eige innslag i programmet saman med to politikarkollegaer. Alle var kledde i bunad. Foto: Heidi Ravnestad
Bilde 17 av 33:
Lærdøl og kjent NRK-ansikt, Ragnhild Seltun Fjørtoft, leia delar av arrangementet. Kåre Hovland(t.v.) er ein av eldsjelene bak opprustinga av vegminna i Lærdal. Foto: Heidi Ravnestad
Bilde 18 av 33:
Det er lagt ned solid handverk i dei nyrestaurerte bruene. Foto: Heidi Ravnestad
Bilde 19 av 33:
Om lag 200 deltok på kulturvandringa frå Honingane til Maristova. Foto: Heidi Ravnestad
Bilde 20 av 33:
Vandringa gjekk delvis på den Bergenske Hovedvei frå 1850-åra, og på Kongevegen bygd rundt 1790. Foto: Heidi Ravnestad
Bilde 21 av 33:
Langs ruta var det ulike innslag, blant anna ei smie og ein smed. Foto: Heidi Ravnestad
Bilde 22 av 33:
Vandrarane passerte også eit "fantefølgje", med lokale skodespelarar.
Bilde 23 av 33:
Foto: Heidi Ravnestad
Bilde 24 av 33:
"Vegvesen-rallaren" Per Birger Lomheim song medan han svingte meisel og spett. Foto: Heidi Ravnestad
Bilde 25 av 33:
Foto: Heidi Ravnestad
Bilde 26 av 33:
Ungdommar frå Lærdal, i rolla som konge og dronning, opna dei to øvste bruene over elva Oddedøla. Foto: Heidi Ravnestad
Bilde 27 av 33:
Kulturvandringa enda opp ved den tradisjonsrike turiststaden Maristova. Bygget til venstre for flaggstonga er Margretestuen, reist i 1790-åra i samband med bygginga av Kongevegen over Filefjell. Foto: Heidi Ravnestad
Bilde 28 av 33:
Foto: Heidi Ravnestad
Bilde 29 av 33:
Eidskog militærhistoriske museum stilte med tidsriktige uniformer. Foto: Jon A.Lien
Bilde 30 av 33:
"Anleggskokka", Synnøve Lien, heldt kåseri om rallaren sin song i arbeid og fritid. Foto: Heidi Ravnestad
Bilde 31 av 33:
Lokale musikararfrå Lærdal framførte norske og svenske rallarviser. Foto: Heidi Ravnestad
Bilde 32 av 33:
Geir Paulsrud, tidlegare direktør for Norsk vegmuseum i rolla som generalvegmeister Christopher Johannes Hammer. Hammer hadde ansvaret for bygginga av Kongevegen på vestsida av fjellet, og hadde eit herskapleg sovekammer i dette bygget. ( Foto: Heidi Ravnestad
Bilde 33 av 33:
Det ærverdige gamle Maristuen Hotell vart totalskadd av brann i 1976. Eit nytt apartementshotell med 20 husvære stod ferdig i 1978, men har ikkje vore i drift dei siste åra. I samband med bygginga av ny E16 har dette vore anleggskontor for Vegvesenet. Foto: Jon A.Lien
Aktuelt for fylke:
Innlandet, Vestland