E16 Nærøydalen
Formålet er å sikre delar av E16 i Nærøydalen mot skred og å erstatte eksisterande tunnelar i Stalheimskleivi.
Skredsikring av E16 i Nærøydalen er omtalt i Nasjonal Transportplan 2025-2036, men den er ikke prioritert med midlar i første seksårsperiode og ventar no på finansiering frå Stortinget.
Reguleringsplan vart vedteken i 2016. Prosjektet har vore gjennom ekstern kvalitetssikring (KS2).
E16 Hylland - Slæn er ein del av hovudsambandet E16 Oslo-Bergen, og ei viktig åre mellom aust og vest. Planområdet ligg lengst vest i Aurland kommune, og går over til Voss herad. På strekninga i Aurland er det stor rasfare, og det ligg to dårlege tunnelar på strekninga i Voss som ikkje oppfyller tunnelsikkerheitsforskrifta.
Ein ny tunnel frå Hylland i Aurland kommune til Slæn i Voss kommune skal sikre strekninga mot skred, og generelt heve standarden på vegen. Tunnelen på 6,3 km vil avløyse dei eksisterande tunnelane i Stalheimskleivi, som ikkje tilfredsstiller krava i tunnelsikkerheitsforskrifta.
E16 Hylland-Slæn omfattar ein 6,3 km lang 2-felts tunnel. Den nye tunnelen får ca. 4 prosent stigning, og gir ein innkorting av vegen frå ti til åtte km.
Prosjektet har som mål å gi samfunnet ei god trafikkåre mellom aust- og vestland med trygg framkomst gjennom heile året. Dette gjeld både med omsyn til ras, og generell trafikktryggleik.
- Veg:
- E16
- Fase:
- Byggefase
- Kommunar:
- Aurland, Voss
- Fylke:
- Vestland
- Finansiering:
- Stat
- Nasjonal transportplan:
- Omtalt i NTP 2022–2033
- Totalkostnad:
- Styringsmål er på 2,3 miliardar 2022-kroner.