Skredsikring E16 Nærøydalen – utviding av planområde
I det pågåande planarbeidet er det no vurdert at det er behov for ny adkomstveg til områda Sleen og Tveito.
I samsvar med § 3-7 i plan- og bygningslova melde Statens vegvesen i 2013 oppstart av reguleringsplan med konsekvensutgreiing for skredsikring av E16 i Nærøydalen. Planprogram for arbeidet vart vedteke i 2014.
Ny adkomstveg til områda Sleen og Tveito kjem utom tidlegare varsla planområde, og vi må difor varsle om ei utviding, jf. kart under.
Merknader når det gjeld utviding av planområde skal sendast til: Statens vegvesen Region vest, Askedalen 4, 6863 LEIKANGER eller til innan 26. august 2015.
For spørsmål om planarbeidet kan de ta kontakt med Synnøve Stalheim på tlf. 47897260, eller e-post .
Kontaktperson i Voss kommune er Kjersti Næss Finne, tlf. 56519619 eller e-post .
Etter ferien vert det halde møte med grunneigarane om utvida planområde og ny adkomstveg.