Artikkelen er over eitt år gammal, og innhaldet kan vere utdatert.

Statens vegvesen skal i samarbeid med Voss herad lage detaljreguleringsplan for det nemnde prosjektet. Vi ber med dette om innspel til arbeidet.

Målet med prosjektet er å betre trafikktryggleiken og framkoma på strekninga. Ein ynskjer å utvide eksisterande veg til 8,5 meter for å etablere forsterka vegoppmerking.

Tiltaket medfører naudsynt langsgåande utviding på om lag 1-2 meter på sørsida av eksisterande E16 over om lag 1,4 km. Tiltaket vil også samordnast med andre tiltak ved at ein legg opp til utbetring av kollektivhaldeplassane på strekninga samt ei vurdering av sideterreng og avkøyrslene i området. Prosjektet vil også vurdere utbetring eller utskifting av eksisterande bru og kulvert på strekninga.

Det er vurdert til at reguleringsplanarbeidet ikkje utløyser krav om konsekvensutgreiing i høve «Forskrift om konsekvensutredninger». Notat med KU-vurdering ligg tilgjengeleg saman på Statens vegvesen og Voss herad sine heimesider.

Planområdet ligg om lag 1 km aust for Oppheimsvatnet i Voss herad og er om lag 65 daa stort.

Vil du treffe oss?

I samband med synfaring i området vil representantar for planprosjektet vere tilgjengeleg for å svare på spørsmål og gje informasjon om prosjektet.

Stad: Ungdomshuset Haugatun, Haugsvikvegen 23

Tid: 8.mai 2023 mellom kl. 14:30 -16:30

Framdrift og frist for innspel

Vi ber om at de sender synspunkt, innspel eller relevante opplysningar til oss skriftleg innan 04.06.2023 til:

Statens vegvesen
Pb. 1010 Nordre Ål
2605 LILLEHAMMER
eller

Merknader merkast med «E16 Slæn – Haugsvik. 23/66233»

Aktuelt regelverk

Dette varselet er sendt ut i samsvar med Plan- og bygningslova § 12-8. Planen vert utarbeidd etter §§ 12-3, 12-8 og 3-7.