Reguleringsplan
Planforslag E16 Slæn – Haugsvik til høyring og offentleg ettersyn
Statens vegvesen legg i samarbeid med Voss herad ut forslag til reguleringsplan for E16 Slæn – Haugsvik til høyring og offentleg ettersyn i høve Plan- og bygningslova §12-10. Høyringsperioden går frå 24.01.2025 til 07.03.2025. Reguleringsplanen vert handsama etter §3-7 i Plan- og bygningslova. Det betyr at Statens vegvesen utarbeidar og legg reguleringsplanen ut til offentleg ettersyn, medan Voss herad slutthandsamar og vedtek planen.