Ole Endal Svåsand
Seksjonssjef Drift vest 1
- E-post:
Prosjektet set i stand ein høg vegmur i Minesvingen, og utfører eit større vedlikehaldsarbeid for å sikra og bevara dei veghistoriske verneverdiane.
Anleggsfasen starta i september 2020 og avsluttast i løpet av 2022.
Stalheimskleiva er bygt på høge tørrmurar i 14 svingar opp Stalheimsberget (2 km). Vegen fra 1840-talet er eit freda kulturminne og inngår i Statens vegvesen sin Nasjonale verneplan.
Vegmuren i Minesvingen vert restaurert, og vegmurane i heile kleiva ryddast fram igjen.
Etter ei geoteknisk vurdering av vegen si bereevne er den no stengd for trafikk. Stalheimskleiva vil i framtida kunna opplevast av mjuke trafikantar.